Neu-Ulm Historie | Bakgrunnsstoff | Kjelder | Navigasjonsmeny48°23′0″N...
Byar i TysklandByar i BayernByar ved Donau
TysklanddelstatenBayernDonauSchwabenUlmWürttembergSendenPfaffenhofen an der RothHolzheimNersingenElchingenKongedømet BayernKongedømet Württemberg181018141841Kong Ludwig IjernbanelinjaAugsburg1853garnisontrikkelinje18971900den første verdskrigenDen andre verdskrigen
Neu-Ulm | |
|---|---|
Byvåpen | Plassering |
| Styresmakter | |
| Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Bayern Schwaben Neu-Ulm |
| Grunnlagd | 1810 |
| Geografi | |
| Flatevidd - By | 80,5 km² |
| Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik | 51 428 634/km² |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Høgd over havet | 470-527 m |
| Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
| Diverse annan informasjon | |
| Postnummer | 89201-89233 |
| Telefon-retningsnummer | 0731, 07307, 07308 |
| Bilnummer | NU |
Heimeside: www.neu-ulm.de | |
Neu-Ulm er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg ved den høgre breidda av Donau i Schwaben med Ulm på den andre sida av elva. Byen oppstod då grensa mellom Bayern og Württemberg vart dradd langs Donau og Ulm vart delt i to. Andre nabobyar er Senden, Pfaffenhofen an der Roth, Holzheim, Nersingen og Elchingen.
Historie |
Den moderne historia til Neu-Ulm byrja då Ulm vart delt mellom Kongedømet Bayern og Kongedømet Württemberg i 1810. Donau vart grensa mellom desse kongedøma, og landområda på høgresida av elva vart ein del av Bayern. Dette var starten for Neu-Ulm som ein sjølvstendig by.
På denne tida var Neu-Ulm svært liten med berre eit par hus, vertshus og landsbyen Offenhausen. Han vart framleis kalla «Ulm am rechten Donauufer» (Ulm på høgresida av Donau). Namnet Neu-Ulm vart først nemnd i 1814. Byen byrja først vekse i 1841, då Frankfurter Bundesversammlung annonserte at dei ville byggje festninga Bundesfestung.
Etter ønske frå Kong Ludwig I vart Neu-Ulm ein del av festninga. Etter at Neu-Ulm vart knytt til jernbanelinja til Augsburg i 1853, kom soldatar til byen, og det vart oppretta ein garnison her.
Byen byrja først å bløme under borgarmeister Josef Kollmann mot slutten av 1800-talet. Ei trikkelinje mellom Ulm og Neu-Ulm vart bygd i 1897, og i 1900 vart vasstårnet (som framleis er eit landemerke) bygd. I 1906 byrja ein å utvide Neu-Ulm
utanfor bymurane. Dei første fabrikkane vart bygd, og byen heldt fram med å verte utvida.
Etter den første verdskrigen vart garnisonen nedlagd. Folketalet og velstanden voks, og han vart ein rik by. Den andre verdskrigen råka derimot byen hardt, og om lag 80 % av bygningane vart øydelagd under allierte bombetokt. Alle bruene over Donau mellom dei to byane vart øydelagd.
Bakgrunnsstoff |
Kjelder |
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Neu-Ulm frå Engelsk Wikipedia .
|