Edderkoppar Innhaldsliste Skildring | Utvikling | Edderkoppar i Noreg | Somme edderkoppfamiliar |...


LeddyrEdderkopparEdderkoppdyr


edderkoppleddyredderkoppdyrartarfamiliarAugenekjertlargiftigekjevanedevontidaørkenregnskogartarskoghusedderkoppstor husedderkopp




Kingel omdirigerer hit, sjå òg kingelvev




























Edderkoppar



edderkopp
Araneus diadematus



Systematikk

Rekkje:

Arthropoda

Underrekkje:

Cheliceriformes

Klasse:

Chelicerata

Underklasse:

Arachnida

Orden:

Araneae

Vitskapleg namn
Araneae
Clerck, 1757


Edderkoppar, kongroer eller kinglar (Araneae) er ei gruppe leddyr. Dei er ein orden i klassen edderkoppdyr (Arachnida). Over 35000 artar er skildra. Desse er fordelt på 110 familiar.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Utvikling


  • 3 Edderkoppar i Noreg


  • 4 Somme edderkoppfamiliar


  • 5 Bakgrunnsstoff





Skildring |


Storleiken til edderkoppar varierer frå få millimeter til over 25 centimeter. Dei tyngste blir opptil 150 gram. Dei fleste edderkoppane lever på land. Edderkoppar har åtte bein. Kroppen er delt i ein forkropp og ein bakkropp. Augene sit framme på sida av dyret, og det kan ha seks eller åtte av dei.


Hos mange artar er hoa større enn hannen, ofte mykje større. Det hender at hoa et hannen. Nokre artar har kompliserte paringsritual.


Nokre edderkoppartar spinn nett som dei fangar bytte i. Silken dyra brukar til dette, vert produsert i kjertlar i bakkroppen. Kvar art har sitt mønster på nettet. Andre driv snikjakt. Dei sit skjult til eit bytte dukkar opp. Når det skjer, fangar dei byttet raskt. Alle edderkoppar er giftige, men dei norske artane er ufarlege for menneske. Gifta vert produsert i kjertlar ved kjevane.



Utvikling |


Edderkoppar oppstod i devontida, og har levd på jorda i nærare 400 millionar år. Dei finst over det meste av jorda, i ørken, i regnskog og i polare område.



Edderkoppar i Noreg |


Det er registrert 562 edderkoppartar i Noreg. Dei fleste lever i skog og mark, men mange finst nær folk, som husedderkopp og stor husedderkopp.



Somme edderkoppfamiliar |




  • Traktedderkoppar - Agelenidae


  • Hjulspinnarar - Araneidae


  • Kjeveedderkoppar - Tetragnathidae


  • Huntsmanedderkoppar - Sparassidae


  • Krabbeedderkoppar - Thomisidae


  • Treløparar - Philodromidae


  • Hoppeedderkoppar - Salticidae


  • Kuleedderkoppar - Theridiidae


  • Rovedderkoppar - Pisauridae



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Edderkoppar



  • Norske edderkopper

  • Edderkopper


  • Spiderweb – dansk side




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...