Emil Richards Innhaldsliste Biografi | Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildmennFødde i 1932USA-amerikanske studiomusikararUSA-amerikanske perkusjonistarUSA-amerikanske jazztrommeslagararVibrafonistarMusikarar frå ConnecticutXylofonistar


2. september1932HartfordConnecticutperkusjonistperkusjoninstrumentxylofonJulius Hartt School of MusicUniversity of HartfordHartford Symphony OrchestrajazzartistarNew EnglandNew York CityLos AngelesjazzrockCharles MingusEd ShaughnessyEd ThigpenPerry ComoRay Charles SingersGeorge ShearingLos AngelesPaul HornJimmy WitherspoonShorty RogersDon EllisLenny BruceLord BuckleyFrank SinatraNelson RiddleJudy GarlandSarah VaughanDoris DayJohn F. KennedyIsraelHarry PartchBeach BoysJan and DeanBing CrosbyNat ColeFrank ZappaAbnuceals Emuukha Electric Symphony OrchestraJerry GoldsmithJohn WilliamsHenry ManciniElmer BernsteinJohnny MandelQuincy JonesOliver NelsonNeal HeftiLalo SchifrinDave GrusinMichel LegrandAlex NorthBill ContiHollywoodBlondieThe DoorsGeorge HarrisonFrank SinatraPercussive Arts Society






























Emil Richards
Fødd
2. september 1932
Fødestad Hartford
Opphav USA
Instrument
Perkusjon, Vibrafon
Plateselskap Impulse Records
Verka som
jazzmusikar, perkusjonist



Perkusjon instrument frå Emil Richards samling


Emil Richards (fødd 2. september 1932 som Emilio Joseph Radocchia i Hartford i Connecticut) er ein perkusjonist som spelar forskjellige perkusjoninstrument.[1]




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


  • 2 Diskografi


    • 2.1 Som sidemann (utval)




  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Biografi |


Richards starta å spele xylofon då han var seks år gammal. Han gjekk ut frå Julius Hartt School of Music (no ein del av University of Hartford) og Hillard College. Richards gjekk i lære hos Asher George Zlotnik. Sjølv før det spelte han med Hartford Symphony Orchestra og med forskjellige jazzartistar i New England. I 1950- og 1960-åra spelte han med forskjellige jazz-ensemble, først i New York City og så i Los Angeles, der han slo seg ned permanent i 1959. Han vart ein av dei mest ettertrakta perkusjonistane innan både jazz, rock og anna popmusikk, og spelte i mange filmar og fjernsynsprogram.


I 1954 flytta Richards til New York der han spelte med Charles Mingus, Ed Shaughnessy og Ed Thigpen og i studio med artistar som Perry Como, Ray Charles Singers og Mitch Aires. I 1955 vart Richards med i George Shearing Quintet. Han var med gruppa i over fire år og spelte med dei 51 veker av året. I 1959 flytta han til Los Angeles der han arbeidde med Paul Horn Quintet, Jimmy Witherspoon, the Shorty Rogers Big Band, Don Ellis, Lenny Bruce og Lord Buckley. Han spelte med Frank Sinatra, Nelson Riddle, Judy Garland, Sarah Vaughan og Doris Day. I 1962, etter ei oppfordring frå president John F. Kennedy, slo Richards og ein liten jazzcombo seg saman med Sinatra og turnerte verda rundt[2] til støtte for underpriviligerte barn. Denne gruppa var med på å starte opp det første sjukehuset i Israel for jødiske og arabiske barn.[treng kjelde] Dette starta ei interesse for etniske perkusjonsinstrument for Richards. Han fekkk etter kvart ei enorm samling perkusjoninstrument, kalla Emil Richards Collection.[3] På denne tida arbeidde han òg med Harry Partch.


Etter denne verdsturneen vendte Richards attende til Los Angeles der han spelte med artistar som the Beach Boys, Jan and Dean, Bing Crosby og Nat Cole. Han vart medlem av Frank Zappa sitt Abnuceals Emuukha Electric Symphony Orchestra og spelte på fleire album med dette store orkester, inkludert albuma Lumpy Gravy i 1967. Han arbeidde òg på filmmusikk for Jerry Goldsmith, John Williams, Henry Mancini, Elmer Bernstein, Johnny Mandel, Quincy Jones, Oliver Nelson, Neal Hefti, Lalo Schifrin, Dave Grusin, Michel Legrand, Alex North og Bill Conti, for å nemne nokre få.


Richards vart ein av dei mest nytta perkusjonistar for filmindustrien i Hollywood og har spelt på hundrevis av filmar. Han var involvert i konseptalbumet The Zodiac: Cosmic Sounds og spelte for mange grupper, som Blondie, The Doors, George Harrison og Frank Sinatra. Han har fleire periodar sete i styret for Percussive Arts Society, og donerte mange instrument til museet deira.



Diskografi |



  • 1961: Yazz Per Favore

  • 1968: Journey To Bliss (Impulse! Records)

  • 1969: Spirit Of 1976 (Impulse!)



Som sidemann (utval) |


Med Dizzy Gillespie



  • The New Continent (Limelight, 1962)

Med Alphonse Mouzon



  • The Man Incognito (Blue Note, 1975)

Med Lalo Schifrin




  • Music from Mission: Impossible (Dot, 1967)


  • The Fox (soundtrack) (MGM, 1968)


  • There's a Whole Lalo Schifrin Goin' On (Dot, 1968)


  • More Mission: Impossible (Paramount, 1968)


  • Mannix (Paramount, 1968)


  • Kelly's Heroes (soundtrack) (MGM, 1970)


  • Rock Requiem (Verve, 1971)


  • Enter the Dragon (soundtrack) (Warner Bros., 1973)


  • Gypsies (Tabu, 1978)


Med Gábor Szabó




  • Light My Fire med Bob Thiele (Impulse!, 1967)


  • Wind, Sky and Diamonds (Impulse!, 1967)


  • Magical Connection (Blue Thumb, 1970)



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Emil Richards» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Allmusic


  2. «NPR Music». NPR. Henta 5. juli 2014. 


  3. «Emil Richards Website». Emil Richards. Henta 19 juni 2012. 







Bakgrunnsstoff |



  • Emil's homepage

  • IMDb entry





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...