Guy Drut Innhaldsliste Kjelder | NavigasjonsmenyeWorldCatVIAFGNDLCCNISNIBNFBNF (data)SUDOCMunzinger (sport)


EinskildmennFødde i 1950Franske politikararFranske hekkeløpararEuropameistrar i friidrettOlympiske meistrar for FrankrikeOlympiske sølvmedaljevinnarar for FrankrikeMedaljevinnarar under sommar-OL 1972Franske deltakarar under sommar-OL 1972Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972Medaljevinnarar under sommar-OL 1976Franske deltakarar under sommar-OL 1976Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976


franskfriidrettsutøvarPas-de-CalaisEM i friidrett 1969europameisterskapen 1971Helsingforssommar-OL 1972MünchenRod MilburnUSAParisfriidretts-EM 1974PolenOL-gullMontrealCubaAlain JuppéJacques Chirac

















Guy Drut

Guy Drut 1972.JPG

Fødd
6. desember 1950
Oignies
Yrke
politikar, friidrettsutøvar

Guy Drut på Commons



Guy Drut i 1969


Guy Drut (fødd 6. desember 1950) er ein fransk politikar og tidlegare friidrettsutøvar frå Oignies i Pas-de-Calais som tevla internasjonalt i 110 meter hekk. Han vart europameister på distansen i 1974 og olympisk meister i 1976.




Innhaldsliste






  • 1 Idrett


  • 2 Politikk


  • 3 Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap


  • 4 Kjelder





Idrett |


Allereie som 19-åring hevda Drut seg mot dei beste i Europa på 110 m hekk. I EM i friidrett 1969 kom han på fjerdeplass med tida 14,0. Drut sprang seg så inn i verdseliten på distansen i 1970 då han presterte tida 13,3, ein tidels sekund bakom verdsrekorden. Året etter noterte han 13,5 som bestetid. Han var likevel ein av favorittane i europameisterskapen 1971 i Helsingfors, men fall i forsøksløpet. Under sommar-OL 1972 i München tok Drut sølvmedaljen på 110 meter hekk, slått av Rod Milburn frå USA.


Drut var den beste korthekkløparen i Europa i åra fram til OL-sesongen 1976. I 1974 tangerte han to gongar europarekorden på 13,2 sekundar, fyrste gongen i Paris den 3. juni. Tre månader etter vann han gullmedaljen i friidretts-EM 1974 med stor margin til Wodzyński-brørne frå Polen som fekk dei andre medaljane. To år seinare toppa Drut EM-prestasjonen då han vann OL-gull i Montreal i 1976 framom Alejandro Casañas frå Cuba og Willie Davenport frå USA.



Politikk |


Ei tid etter han la opp som idrettsutøvar engasjerte Drut seg i politikk. Han var såleis ungdoms- og idrettsminister frå 1995 til -97, i ei høgre-konservativ regjering leia av statsminister Alain Juppé.


I 2005 vart Drut dømd til 15 månaders betinga fengsel for korrupsjon, benåda av president Jacques Chirac i 2006.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • EM 1969 i Aten: Nr 4 - 14,0


  • EM 1971 i Helsingfors: Utslått i forsøket


  • OL 1972 i München: Sølvmedalje – 13,34, bakom Rod Milburn (13,24)


  • EM 1974 i Roma: Gullmedalje – 13,40, framom Mirosław Wodzyński (13,67)


  • OL 1976 i Montreal: Gullmedalje – 13,30, framom Alejandro Casanas (13,33)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Guy Drut» frå Wikipedia på tysk, den 1. september 2014.









Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...