Taumarunui Historie | Bakgrunnsstoff | Referansar | Navigasjonsmeny38°53.0′S...


Manawatu-WanganuiByar på New Zealand


byKing CountryNordøyaNew ZealandregionenManawatu-WanganuiadministrasjonssenterdistriktetRuapehu DistrictriksvegenjarnveglinjaNorth Island Main Trunk RailwayManunuiPiriakaKakahiOwhangoNational ParkTongariro National ParkelvaWhanganui RiverkmTe KuitiTurangifolketeljinga2001māorihøvdingenkumaraOngaruekanorutergultrefamilieniwiNgati ManiapotoNgati Tuwharetoa1843biskopTaupo1869Te KootiTaupo District1874dampbåtruterAlexander HatrickjarnvegslinjaNorth Island Main Trunk Line1908Peter CapeterrengetviaduktarRaurimu Spiralskogsdriftjordbrukturistsentergolfbane



































Taumarunui

Land:

Flag of New Zealand.svg New Zealand




Taumarunui is located in New Zealand









Innbyggjartal: 5 136 (2001)

Distrikt

Namn:
Ruapehu District Council
Heimeside:
http://www.taumarunui.co.nz/

Regionstyre
Namn:
Horizons Regional Council
Heimeside
http://www.horizons.govt.nz

Taumarunui Koordinatar: 38°53.0′S 175°15.7′E er ein by i King Country, sentralt på Nordøya på New Zealand, i regionen Manawatu-Wanganui. Byen er administrasjonssenter i distriktet Ruapehu District. Han ligg ved riksvegen State Highway 4 og jarnveglinja North Island Main Trunk Railway. Ved State Highway 4 sør for Taumarunui ligg dei mindre busetnadane Manunui, Piriaka, Kakahi, Owhango, Raurimu og National Park (som er ein tettstad som grensar til nasjonalparken Tongariro National Park).


Byen ligg på ei slette inne i det kuperte landskapet ved den øvre delen av elva Whanganui River, 65 km sør for Te Kuiti og 55 km vest for Turangi. Innbyggjartalet var ved folketeljinga i 2001 5136, noko som gjer byen til det største senteret i vid omkrins.


Det er sagt at namnet Taumarunui skal koma frå dei siste orda māorihøvdingen Pehi Turoa sa på dødslægjet sitt - taumaru, som tyder skjerm, og nui, stor; bokstaveleg omsett som den store skjermen, som var sett opp for å verna han mot sola. Det er også referansar til namnet Taumarunui som ein stor skjerma stad for å dyrka kumara.



Historie |


Taumarunui var opphavleg ein maoribusetnad der elvene Ongarue og Whanganui River møtest, og viktige kanoruter batt her det indre av Nordøya saman med busetnader lenger nede langs Wanganui River. Visse stader i nærleiken, særleg dalen der elva Pungapunga Stream renn, og som møter Wanganui nær Manunui, var verdsett for storleiken og kvaliteten til totara (Podocarpus totara eit treslag i gultrefamilien), og det vart laga store kanoar her. Området er også kjent fordi det var eit grenseland der fleire iwi, mellom desse Whangaui, Ngati Maniapoto og Ngati Tuwharetoa, levde saman i relativ harmoni.[1]


Seint i desember 1843 drog biskop Selwyn sør frå Taupo til ein stad ved Wanganui River omkring 10 km nedstraums frå Taumarunui, og drog derfrå til kysten med kano. Mot slutten av 1869 var maorileiaren Te Kooti i Taumarunui før han marsjerte gjennom det vestlege Taupo District til Tapapa. I 1874 bygde Alexander Bell ein handelsstasjon, og vart den første europeiske nybyggjaren. Tidleg i 1880-åra starta dei første oppmålingane i King Country, og eit tiår seinare var staten i ferd med å kjøpa opp store landområde her.


Wanganui River var i lang tid den viktigaste ferdselsåra til Taumarunui. Trafikken gjekk først på maorikanoar, men sist på 1880-talet vart det oppretta regelbundne dampbåtruter på elva. Taumarunui Landing var den siste haldeplassen til Alexander Hatrick si dampbåtrute frå Wanganui. Elvebåtane heldt oppe båtrutene mellom Wanganui og Taumarunui til seint på 1920-talet, då seglingstilhøva i elva vart for vanskelege.


Seinare vart Taumarunui ein viktig by under anlegget av jarnvegslinja North Island Main Trunk Line i 1908 (omsungen i ein ballade av Peter Cape). Linja sør for Taumarunui valda betydelege problem på grunn av terrenget, og har fleire høge viaduktar og den vidgjetne Raurimu Spiral. I seinare tider har byen sin økonomi basert seg på skogsdrift og jordbruk. Han har også vorte viktig som turistsenter, særleg som eit inngangspunkt for reisande nedetter Wanganui River, og fordi han har ein golfbane av høg kvalitet.



Bakgrunnsstoff |



  • Heimeside til Taumarunui.

  • Heimeside til Taumarunui High School.

  • Omtale av elvebåttrafikken.

  • Peter Cape sin song Taumarunui on the Main Trunk Line [1]



Referansar |





  1. TAUMARUNUI - 1966 Encyclopaedia of New Zealand





  • Dick Craig (1990). The King Country. Waitomo: Waitimo News. 


  • L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield, D. Hall (2006). Rough Guide to New Zealand. New York - London - Delhi: Rough Guides. s. 283-284. ISBN 1-84353-679-X. CS1-vedlikehald: Fleire namn: forfattarliste (link)



  • Denne artikkelen bygger på «Taumarunui» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2009.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...