Anaïs Bescond Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1987Franske skiskyttarar


franskNormandieVM i skiskyting 20112012vinterleikane 2014SotsjiVM i skiskyting 2015KontiolahtiVM i skiskyting 2016HolmenkollenMarie Dorin HabertMartin FourcadeAntholzverdscupen i skiskyting

















Anaïs Bescond

Anais Bescond 1.jpg

Fødd
15. mai 1987
Aunay-sur-Odon
Yrke
skiskyttar

Anaïs Bescond på Commons

Anaïs Bescond (fødd 15. mai 1987) er ein fransk skiskyttar fødd i Aunay-sur-Odon i Normandie. Ho har vunne ein gullmedalje og fem sølvmedaljar i ulike verdsmeisterskap i skiskyting i tida 2011-16.



Aktiv |


Bescond gjekk på dei franske laga som tok sølv i 4 x 6 km stafett under VM i skiskyting 2011 og 2012, begge gongane bak tyske mannskap. Ho deltok i vinterleikane 2014 i Sotsji og gjorde fleire gode prestajonar i dei indviduelle tevlingane, med femteplassar på både sprinten og i normalpropgrammet som dei fremste. Under VM i skiskyting 2015 i finske Kontiolahti tok ho sitt tredje VM-sølv i 4 x 6 km stafett, og hadde dessutan tidlegare i meisterskapen sikra seg endå eit VM-sølv då ho gjekk ein etappe for Frankrike i mixstafetten.


Då VM i skiskyting 2016 tok til i Holmenkollen gjekk Bescond den fyrste etappen i opningstevlinga med mixstafett. Saman med Marie Dorin Habert, Quentin Fillon Maillet og Martin Fourcade vart ho verdsmeister i øvinga. Seinare i Oslo-VM gjekk ho inn til sølv på 15 km, vel 12 sekundar bak lagvenninna Marie Dorin Habert. Begge trefte på 19 av 20 blinkar.


Bescond vann 7,5 km sprint i verdscuprenna 2014 i italienske Antholz, hennar einaste indviduelle triumf i verdscupen i skiskyting.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Anaïs Bescond» frå Wikipedia på tysk, den 9. mars 2016.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...