Dhol Kjelder | NavigasjonsmenyGibb's Dhol Pagesoriginalen«The Punjabi Dhol»utvide han


Afghanske musikkinstrumentBangladeshiske musikkinstrumentIndiske musikkinstrumentPakistanske musikkinstrumentTrommer


trommeSør-AsiafolkemusikkfolkedansarPanjabbhangraAssamGujaratiargarbapasjtunarattanmogulhoffet






Dhol frå Bangladesh.


Dhol er ei sylindrisk, tosida tromme kjend frå store delar av Sør-Asia. Tromma finst i mange storleikar, men eit vanleg mål er ei lengd på om lag ein halvmeter. Ho er tradisjonelt laga av ein uthola del av ein trestamme med trommeskinn av lêr. Trommeskinna har noko ulik tjukkleik og ulike tonar. Ein speler som regel på tromma med to trommestikker, ei tjukk og bøygd stikke i bassenden og ei tynnare, mjuk stikke i den andre.




Virtue Dholis speler dhol under Belfast Mela i 2012.


Ein bruker typisk dhol til folkemusikk og til fleire folkedansar. Tromma er velkjend frå Panjab, særleg i samband med bhangra. I Assam finst fleire mindre dholtypar, som jai dhol og bihu dhol.
Gujaratiar bruker dhol til dansen garba og pasjtunar til attan.


Dhol (ḍhol) stammar truleg frå dohol, ei persisk tromme som var vanleg ved mogulhoffet. Trommer med liknande namn og av liknande type er kjende frå Armenia, Iran og Sentral-Asia.



Kjelder |



Gibb Schreffler, Gibb's Dhol Pages, arkivert frå originalen 27. februar 2007 



  • Pete Locket, «The Punjabi Dhol», drumdojo.com, 2001.


  • The Oxford Encyclopaedia of the Music of India, Oxford University Press. Print Publication Date: 2011, ISBN-13 9780195650983 Published online: 2011 Current Online Version: 2012 eISBN 9780199797721




Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...