Ascona Monte Verità | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny46°09′0″N...
Kommunar i TicinoByar i SveitsStader ved Lago Maggiore
kommuneLocarnokantonenTicinoSveitskm²Lago MaggioreturistmåljazzfestivalHermann HesseCarl Gustav JungErich Maria RemarqueStefan GeorgeIsadora DuncanPaul KleeRudolf SteinerGustav Stresemann
Ascona | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Sveits | |
Kanton | Ticino | |
Distrikt | Locarno | |
Språk | italiensk | |
Borgarmeister | Aldo Rampazzi | |
Geografi | ||
Flatevidd - kommune | 4,97 km² | |
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik | 5 489 1 104,4 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 196 moh | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 6612 | |
Nettstad: www.ascona.ch |
Ascona er ein kommune i distriktet Locarno i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen har 5 489 innbyggjarar (2010) og eit areal på 4,97 km². Kommunesenteret ligg 196 meter over havet. Kommunen ligg på nordsida av innsjøen Lago Maggiore.
Byen er eit populært turistmål. Årleg vert ein jazzfestival avvikla i byen; kalla 'New Orleans Jazz Festival Ascona'.
Monte Verità |
"Monte Verità" (bokstavleg Sanningsfjellet) i Ascona var i dei fyrste tiåra av 1900-talet møtestad og bustad for folk som preika for "tilbake til naturen".
Kolonien hyste ein ein heil del kunstnarar, anarkistar og andre kjende menneske. Mellom dei som hadde opphald på Monte Verità var Hermann Hesse, Carl Gustav Jung, Erich Maria Remarque, Hugo Ball, Else Lasker-Schüler, Stefan George, Isadora Duncan, Paul Klee, Rudolf Steiner, Mary Wigman, Gyula Háy, Max Picard, Ernst Toller, Henri van de Velde, Rudolf Laban, Frieda von Richthofen, Else von Richthofen, Otto Gross, Erich Mühsam, Karl Wilhelm Diefenbach og Gustav Stresemann.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Ascona» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2010.
Bakgrunnsstoff |
Ascona på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.
Monte Verità på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.- Der "Heilige Berg" Monte Verità
- New Orleans Jazz Festival
- Turistinformasjon
|