Siddúr Kjelder | NavigasjonsmenyStore norske leksikone
Jødiske skrifterJødisk utøving
hebraiskjødiskbøneboksynagogensalmarkvardagarsjabbátpesahsjabu‘ótsukkótmahzórAmram Gaonaskenasisksefardisk
Siddúr (hebraisk סִדּוּר eller ִסִידּוּר, 'ordning') er ei jødisk bønebok som kan innehalda liturgien ein bruker i synagogen, salmar, bøner knytt til dagleglivet og signingar til bruk i mange ulike høve. Ein siddur kan ha bøner for kvardagar og/eller sjabbát. Boka inneheld ofte òg bøner for dei tre valfartsfestane pesah (påske), sjabu‘ót (pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Ei bønebok for spesielle helgedagar blir gjerne kalla mahzór.
Den første kjende handskrivne bøneboka blei laga av rabbineren Amram Gaon i Babylonia på 800-talet. Seinare blei det laga bønebøker tilpassa dei varierande tradisjonane til ulike jødiske samfunn.
Det største skiljet har gått mellom askenasisk og sefardisk tradisjon, men det går også skilje mellom bønebøker for dei ulike religiøse retningane i jødedommen.
Kjelder |
«Siddur», Store norske leksikon, 5. august 2011, henta 19. juni 2016
Jødiske skrifter | ||
---|---|---|
Tanákh (Torá · Nebiím · Ketubím) · medrásj · Mekhiltá · Haggadá · siddúr · Talmúd · Misjná · Jerusjalmí · Bablí · Toseftá · Emunót vede‘ót · Misjné Torá · Moré nebukhím · Sjulḥán ‘arúkh · Mappá · Me‘ám lo‘éz · S. jesirá · Bahír · Zohar |