Hawke Bay Innhaldsliste Historikk | Geologi | Landskap | Kjelder | Navigasjonsmeny39°20′S...


Hawke's BayBukter på New Zealand


NordøyaNew ZealandMahiahalvøyaCape KidnapperskmJames Cook12. oktober1769Edward HawketektoniskefossilardinosaurarJordskjelvet1931eroderteklipperstrenderWairoaWairoaelvaRegionenHawke's Bay




Denne artikelen er om havområdet; artikkelen Hawke's Bay omtalar den omkringliggjande regionen.




NASA-satellittfoto av Hawke Bay




Hawke Bay


Hawke Bay er ei stor havbukt på austkysten til Nordøya på New Zealand. Ho strekker seg frå Mahiahalvøya i nordaust til Cape Kidnappers i sørvest, ein distanse på om lag 100 km.




Innhaldsliste






  • 1 Historikk


  • 2 Geologi


  • 3 Landskap


  • 4 Kjelder





Historikk |


Kaptein James Cook segla med HM «Bark Endeavour» inn i bukta 12. oktober 1769. Etter å ha utforska området, namngav han henne etter viseadmiral sir Edward Hawke den 15. oktober.



Geologi |


Dette området på kysten til New Zealand er utsett for tektoniske platerørsler, og landet vert heva frå havnivået. På grunn av dette har kystområda her betydelege marine avsetjingar, og fossilar av både marine og landlevande dinosaurar er funne inne på land. Jordskjelvet i Napier 3. februar 1931 førte med seg at delar av havbotnen fleire stader nær byen heva seg over havflata.



Landskap |


Fordi dei sentrale fjellrekkjene nærmar seg kysten ved nordenden av bukta, er mykje av den nordlegaste kystlinja eroderte terrasser som endar i bratte klipper med smale strender ned mot sjøen.


Byen Wairoa ligg i nordenden av bukta, på elvesletta ved munningen til Wairoaelva, medan hamnebyen Napier ligg ved kysten nær sørenden til bukta, på ei anna elveslette. Regionen Hawke's Bay, som skil seg frå sjølve bukta, består av kystlandskapet kring bukta og innlandet mot sør.


Sjølve bukta har namnet Hawke Bay, medan regionen som ligg kring henne ber det tidlegare namnet Hawke's Bay.


Koordinatar: 39°20′S 177°30′E



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Hawke Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2009.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...