Per Kleiva Innhaldsliste Bakgrunn | Utdanning | Utstillingar | I offentlege samlingar | Kjelder |...


EinskildmennFødde i 1933Døde i 2017Norske grafikararNorske målararFolk frå GulenFolk frå Torsken


17. september20171. april193317. september2017silketrykkGRASTorsken kommuneIvar KleivaTromsSunnmøreGulenSognPer KrohgStatens KunstakademiBergen Kunst- og HåndverksskoleVestlandets KunstakademiNiels LergaardKunstakademiet i KøbenhavnKunstakademiet i FirenzeKunstakademiet i StockholmSigurd WingeStatens KunstutstillingGalleri 27Oslo




















Per Kleiva

Fødd
1. april 1933
Torsken
Død

17. september 2017


Yrke
kunstmålar, grafikar

Per Kleiva (1. april 1933–17. september 2017)[1] var ein norsk biletkunstnar som arbeidde mest med måleri og grafikk. Han er særleg kjend for måleria sine i op- og pop-kunst stil og for dei grafiske blada gjort i silketrykk i tida han var tilknytt kunstnarkollektivet GRAS. Han var ein av dei leiande politisk engasjerte kunstnarane på 1960- og 70-talet.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Utdanning


  • 3 Utstillingar


  • 4 I offentlege samlingar


  • 5 Kjelder





Bakgrunn |


Per Kleiva var fødd i Torsken kommune som son til Ivar Kleiva.[2] Han voks opp i Troms, på Sunnmøre og i Gulen i Sogn.



Utdanning |


Kleiva studerte under Per Krohg på Statens Kunstakademi i åra 1955 til 1957. Før det hadde han teke kveldskurs på Bergen Kunst- og Håndverksskole og på Vestlandets Kunstakademi. I 1959 studerte han under Niels Lergaard på Kunstakademiet i København og han studerte også ved Kunstakademiet i Firenze og Kunstakademiet i Stockholm. Frå 1961 til 1965 var han assistent hjå Sigurd Winge.



Utstillingar |


Kleiva debuterte på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 1963 og hadde den fyrste separatutstillinga si året etter på Galleri 27 i Oslo. Sidan hadde han ei lang rekkje separatutstillingar både innanlands og utanlands, og han har og delteke på mange gruppe- og kollektivutstillingar. I tillegg har han stått for utsmykkinga av ei rekkje offentlege og private bygg.



I offentlege samlingar |


Per Kleiva sin kunst er innkjøpt til desse offentlege samlingane



  • Nasjonalgalleriet

  • Riksgalleriet

  • Museet for samtidskunst

  • Bergen Billedgalleri

  • Oslo kommunes kunstsamlinger

  • Trøndelag Kunstgalleri

  • Christiansands kunstgalleri


  • Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden i Bærum kommune


  • Nord-Norsk Kunstmuseum, Tromsø


  • Århus Kunstmuseum, Danmark


  • Arkivmuseet i Lund, Sverige


  • Künsthalle Rostock, Tyskland


  • Nasjonalmuseet i Warzawa, Polen


  • Gullbenkian, Lisboa, Portugal



Kjelder |





  1. «Per Kleiva er død», Dagbladet.no, 2017-09-17, henta 2017-09-17 


  2. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune.






Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...