Timothy B. Schmit Innhaldsliste Biografi | Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildmennFødde i 1947USA-amerikanske rockebassistarMusikarar frå CaliforniaEagles-medlemmarPoco-medlemmarIrske musikararSteely Dan-medlemmarUSA-amerikanske studiomusikararUSA-amerikanske låtskrivararUSA-amerikanske songar


30. oktober1947PocoEaglesRock and Roll Hall of FameSacramentosurfemusikkBig Brother & the Holding CompanyHerman's HermitsSonny & CherfolkrockABC RecordsBuffalo SpringfieldRichie FurayPocoRandy MeisnerLongbranch PennywhistleJ.D. SoutherRy CooderGlenn FreyEaglesSo Much in LoveSteely DanBob SegerJimmy BuffettJulian LennonRingo StarrWarren ZevonSpinal TapRingo Starr's All-Starr BandJoe WalshMal:Poco



















































Timothy B. Schmit
Timothy B. Schmit.jpg

Fødd
30. oktober 1947 (71 år)
Fødestad
Oakland i California i USA
Fødenamn Timothy Bruce Schmit
Opphav USA
Aktiv 1960 til i dag
Sjanger
Rock, countryrock
Instrument vokal, bass
Kjende instrument Fender Jazz Bass
Tilknytte artistar
Eagles, Poco, Ringo Starr & His All-Starr Band, Steely Dan, Toto
Verka som Musikar, låtskrivar
Prisar Kennedy Center Honors

Timothy Bruce Schmit (fødd 30. oktober 1947) er ein USA-amerikansk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som bassist og songar i Poco og Eagles. Schmit har òg lenge arbeidd som studiomusikar og soloartist. I 1998 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Eagles.




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


  • 2 Diskografi


    • 2.1 Studioalbum


    • 2.2 Singlar




  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Biografi |


Schmit vart fødd i Oakland i California i 1947 og voks opp i Sacramento. Det første instrumentet til Schmit var ein fiolin, før han byrja å spele trombone, ukulele og gitar. Han song heller ikkje så verst og byrja etter kvart å spele bass i ein lokal trio kalla Tim, Tom & Ron, som byta namn til the Contenders då surfemusikk byrja å bli populært i 1962 og 1963. The Contenders utvikla seg til the New Breed og var mellom anna oppvarming for eit ungt Big Brother & the Holding Company, Herman's Hermits og Sonny & Cher. The New Breed utvikla seg til eit folkrock-band kalla Glad og fekk kontrakt med ABC Records. Samstundes vart Schmit kjend med den tidlegare Buffalo Springfield songaren og gitaristen Richie Furay, som var i ferd med å setje saman eit nytt band, som etter kvart vart Poco. Schmit vart spurt om å prøvespele på bass og vokal, men jobben gjekk til Randy Meisner. Glad-albumet Feelin' Glad, kom ut på ABC i 1968, men selde dårleg. I mellomtida slutta Meisner i Poco, og Schmit tok over jobben.


Dei neste sju åra spelte Poco inn fleire album, men klarte aldri å slå heilt igjennom. På nokre av dei tidlege konsertane deira, spelte dei samstundes
med Longbranch Pennywhistle, der medlemmane var J.D. Souther, Ry Cooder og Glenn Frey, som seinare var med å starte Eagles. Medan Eagles selde særs godt, sleit Poco med salstala. Våren 1977 slutta Meisner i Eagles, og bandet inviterte Schmit med i bandet, og spelte på det siste offisielle albumet deira på mange år, The Long Run. Albumet kom først ut seint i 1979 og Eagles vart offisielt oppløyst i 1981.


Schmit spelte inn songen «So Much in Love» for filmen Fast Times at Ridgemont High i 1982, i lag med tidlegare bandkolleager. Albumet selde særs godt. Schmit la så ut på ein solokarriere og gav ut fem soloalbum, frå country til pop til lett jazz. Han gjekk attende til Poco i 1984 for albumet Inamorata. Han har òg spelt for andre artistar som Steely Dan, Bob Seger, Jimmy Buffett, Julian Lennon, Ringo Starr, Warren Zevon og Spinal Tap. Han var òg songar og bassist i Ringo Starr's All-Starr Band (der òg Eagles-kollega Joe Walsh var med).



Diskografi |



Studioalbum |











































År
Albumdetaljar
Listeplasseringar

US

US Heat
1984

Playin' It Cool





  • Første studioalbum

  • Utgjeve: 17. september 1984

  • Selskap: Wounded Bird Records


160

1987

Timothy B





  • Andre studioalbum

  • Utgjeve: 7. september 1987

  • Selskap: MCA Records


106

1990

Tell Me the Truth





  • Tredje studioalbum

  • Utgjeve: 24. juli 1990

  • Selskap: MCA Records




2001

Feed the Fire





  • Fjerde studioalbum

  • Utgjeve: 1. mai 2001

  • Selskap: Lucan Records




2009

Expando





  • Femte studioalbum

  • Utgjeve: 20. oktober 2009

  • Selskap: Lost Highway Records



43
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista


Singlar |























































År
Singel
Plasseringar
Album

US
[1]

US Main

US AC

CAN
CAN AC
1982
«So Much in Love»
59

27



Playin' It Cool
1984
«Playin' It Cool»
101




1987
«Boys Night Out»
25
17

69


Timothy B.
1988
«Don't Give Up»


30

22
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Timothy B. Schmit» frå Wikipedia på engelsk, den 16. oktober 2015.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Whitburn, Joel (2011). Top Pop Singles 1955–2010. Record Research, Inc. s. 789. ISBN 0-89820-188-8. 







Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad

Mal:Poco






























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...