Mah-Rukh Ali Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyPresentasjon i Bt.no 2006Presentasjon i Dagbladets Magasinet...
EinskildkvinnerFødde i 1982Norske journalistarNordmenn av pakistansk opphavFolk frå OsloNRK-journalistarProgramleiarar for TV2
norsk-pakistanskjournalistforfattarOslonyheitsankerTV 2 NyheteneCARE NorgenyheitsankerNRKNoman MubashirTV 2 NyhetskanalenTerje SvabøOsloPakistannorskurdupanjabiveksa oppmuslimjentenorskHøgskulen i VoldabachelorgradLahoreAftenpostenDagbladetKlassekampenNRKDagsnyttDagsrevyenreportarpakistanskKashmirTV 2
Mah-Rukh Ali | |
Fødd | 1. januar 1982 Oslo |
Yrke | journalist |
Mah-Rukh Ali (fødd 1. januar 1982) er ein norsk-pakistansk journalist og forfattar fødd i Oslo.
Ho var nyheitsanker i TV 2 Nyhetene i ti år, og i 2017 blei ho kommunikasjonsjef i CARE Norge.
Ho var den første framandkulturelle kvinna som blei nyheitsanker i NRK, i 2006 (Noman Mubashir var den første mannen), og leia den aller første ordinære sendinga på TV 2 Nyhetskanalen saman med Terje Svabø.
Mah-Rukh Ali er født og oppvaksen i Oslo, med foreldre frå Pakistan og tre brør, men har også i periodar budd i foreldra sitt heimland. Ho snakkar tre språk flytande — norsk, urdu og panjabi. Som 14-åring skreiv ho Den sure virkeligheten. Boka handlar om å veksa opp i Oslo som muslim og jente, om å føla seg norsk, men bli behandla annleis.
Ali er utdanna journalist gjennom Høgskulen i Volda og har bachelorgrad frå Lahore i Pakistan. Ho har jobba i mellom anna Aftenposten, Dagbladet og Klassekampen. Ho begynte i NRK Dagsnytt i 2003, og kom til Dagsrevyen som reportar hausten 2005, då ho mellom anna blei sendt til det jordskjelvramma området i pakistansk Kashmir.
Hausten 2006 blei ho tilsett i TV 2, og 15. januar 2007 opna ho TV 2 Nyhetskanalen.
Bakgrunnsstoff |
- Presentasjon i Bt.no 2006
- Presentasjon i Dagbladets Magasinet 17. januar 2007
|