Hugenottar Innhaldsliste Kjente hugenottar | Sjå òg | Bakgrunnsstoff | Kjelder |...


HugenottarKalvinismeFransk historie


den reformerte læraFrankrikeJean Calvin1500-taletden sveitsiske reformasjonenVassay1562Bartolomeusnatta24. august1572ParisEdiktet i Nantes15981685SveitsTysklandBrandenburgPreussenEnglandNederlandNord-Amerikaden franske revolusjonen1789borgarrettar






Hugenottkrossen er symbolet til hugenottane.


Hugenottar er nemninga på tilhengarane av den reformerte læra i Frankrike. Hugenottane baserte kyrkja si på læra til Jean Calvin.


Orda hugenott (fransk huguenot) stammar frå 1500-talet og skal visstnok kome av det tyske Eidgenosse («forbundsfelle»), på grunn av banda til den sveitsiske reformasjonen. Først vart ordet brukt som skjellsord av motstandarane, men seinare vart det teke i bruk av hugenottane sjølv.


Hugenottane vart forfølgt av dei franske kongane og andre katolske makthavarar. Ein massakre på ei hugenottisk forsamling i Vassay i 1562 gav støyten til ein 30 år lang religionskrig i Frankrike. Den vondaste hendinga i denne krigen er kjent som Bartolomeusnatta. Den 24. august 1572 vart det sett i gang eit blodbad i Paris der fleire tusen hugenottar vart drepne.


Ediktet i Nantes gav i 1598 hugenottane visse fristader. Seinare vart dei igjen utsett for sterkt press frå den franske kongen, og i 1685 vart ediktet i Nantes oppheva. Mellom 200 000 og 250 000 hugenottar emigrerte på grunn av forfølgingane. Særleg drog dei til Sveits og mange statar i dagens Tyskland (hovudsakleg Brandenburg-Preussen, som dei kom til å setje eit sterkt preg på), England, Nederland og Nord-Amerika. Denne utvandringa var eit stort tap for Frankrike sidan hugenottane var dugelege borgarar.


Ikkje før den franske revolusjonen i 1789 fekk hugenottane fulle borgarrettar.




Innhaldsliste






  • 1 Kjente hugenottar


  • 2 Sjå òg


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder





Kjente hugenottar |




  • Bernard Palissy (ca. 1510–1589) var ein fransk vitskapsmann og keramikar


  • Peter Carl Fabergé, russisk juveler


  • Theodor Fontane, tysk dikter og forfattar


  • Nicolaus Harnoncourt, amerikansk dirigent


  • Gustaf de Laval, svensk ingeniør og oppfinnar


  • Sheridan Le Fanu, irsk forfattar


  • Lothar de Maizière, tysk politikar


  • Thomas de Maizière, tysk politikar


  • Friedrich Karl von Savigny, tysk jurist


  • Anton Friedrich Justus Thibaut, tysk jurist


  • Chris Gueffroy, det siste offeret for Berlinmuren



Sjå òg |


  • Potsdam-ediktet


Bakgrunnsstoff |


  • http://www.hugenotten.de/


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Hugenotter» frå Wikipedia på bokmål, den 26. mai 2011.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...