Tettleik Innhaldsliste Formel for tettleik | Andre einingar | Tettleik av stoff | Sjå òg |...


TettleikKontinuumsmekanikkGrunnleggjande fysikkFysiske storleikarFysikalsk kjemi


gresk bokstavmassevolumjernvatnSInøytronstjernenøytroniumsvart holden generelle relativitetsteorienJordairidiumflyAerogelfaste stoff




Tettleik eller densitet (symbol: ρ (gresk bokstav rho)) er eit mål for masse per volum. Om eit objekt har høgare tettleik, har det større masse per volumeining, og vil kjennast tungt ut. Har det låg tettleik vil objektet kjennast lett ut, sjølv om det er stort eller mykje av det. Eit objekt med stor tettleik (som jern) vil ha mindre volum for lik masse samanlikna med noko som har mindre tettleik (som vatn).


SI-eininga for tettleik er kilogram pr. kubikkmeter (kg/m³)




Innhaldsliste






  • 1 Formel for tettleik


  • 2 Andre einingar


  • 3 Tettleik av stoff


  • 4 Sjå òg





Formel for tettleik |


Gjennomsnittstettleiken for eit objekt er lik den totale massen delt på det totale volumet:


ρ=mV{displaystyle rho ={frac {m}{V}}}

der


ρ er tettleiken til objektet (målt i kilogram pr. kubikkmeter).


m er den totale massen til objektet (målt i kilogram).


V er det totale volumet til objektet (målt i kubikkmeter).



Andre einingar |


Somme nyttar enno dei gamle einingane g/cm³ (gram pr. kubikkcentimeter), g/ml (gram pr. milliliter), kg/dm³ (kilogram pr. kubikkdesimeter), eller kg/l (kilogram pr. liter) til å måle tettleik.


1 g/cm³ = 1 g/ml = 1 kg/dm³ = 1 kg/l


1 g/cm³ = 1000 kg/m³


0,001 g/cm³ = 1 kg/m³



Tettleik av stoff |


Den kanskje høgaste kjende tettleiken er den i materien til ei nøytronstjerne (sjå nøytronium). Den gravitasjonelle singulariteten i senteret til eit svart hol har i følgje den generelle relativitetsteorien ikkje volum, så tettleiken er udefinert.


Det naturlege stoffet med høgast tettleik på Jorda er iridium, 22 650 kg/m³


Tettleikar til diverse stoff:




































































































Stoff
Tettleik
(kg/m³)

Iridium 22 650
Osmium 22 610
Platina 21 450
Gull 19 300
Uran 19 050
Kvikksølv 13 580
Palladium 12 023
Bly 11 340
Sølv 10 490
Kopar 8920
Jern 7870
Tinn 7310
Titan 4507
Diamant 3500
Aluminium 2700
Magnesium 1740
Sjøvatn 1025
Vatn
1000
Etanol 790
Bensin 730
Aerogel 3
Tilfeldig gass
0,0446 gonger den gjennomsnittlege molekylmassen, med andre ord mellom 0,09 og ca. 10 (ved standard temperatur og trykk)
t.d. luft
1,2

Merk den låge tettleiken til aluminium samanlikna med andre metall. Difor er fly laga av aluminium. Sjå au at luft har ein tettleik som er liten, men ikkje null. Aerogel er verdas lettaste faste stoff.



Sjå òg |



  • Tyngde

  • Viskositet





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...