Snøballkrig Innhaldsliste Historie | Store snøballkrigar | Meisterskap | Snøballkrig i kulturen |...


LeikSnø


leikeslåstingsnøballarungarungdomgrusissteinvintertidkalenderarFrans I av FrankrikeVilniusbuarden amerikanske borgarkrigenhæren for Nord-Virginia1863RappahannocktexanskeJames Longstreet2006Michigan Technological UniversityjapanskJapanTommy og TigernNRKVardøFinnmark






Ein snøball treff blink.
Foto: Jerry Daykin



Snøballkrig er ei form for leikeslåsting ved hjelp av snøballar. Snøballkrig er ein tradisjonell leik blant ungar og ungdom, men blir ofte forbode fordi grus, is og stein i snøballane kan føra til alvorlege skader.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Store snøballkrigar


  • 3 Meisterskap


  • 4 Snøballkrig i kulturen


  • 5 Sjå òg


  • 6 Kjelder


    • 6.1 Fotnotar




  • 7 Bakgrunnsstoff





Historie |




Veggmåleri av ein snøballkrig frå om lag 1400.


Snøballkrig er kjent frå fleire mellomalderskildringar. Bilete av slik leik kunne brukast til å illustrera vintertid i kalenderar og liknande.[1] Folk av høg byrd kunne godt mora seg med snøballkasting. Det finst mellom anna ei forteljing om kong Frans I av Frankrike som saman med hoffolk prøvde å innta eit hus ved hjelp av snøballar.[2]



Store snøballkrigar |


Vilniusbuar i hundretal samlar seg årleg til snøballkrig under feiringa av užgavėnės, ei litauisk karnevalshøgtid med heidenske røter.[3]


Under den amerikanske borgarkrigen fann ein ovstor snøballkrig stad blant soldatar i hæren for Nord-Virginia. Den 29. januar 1863, etter eit kraftig snøfall ved Rappahannock-elva, byrja texanske soldatar å kriga mot kvarandre, før krigarane slo seg saman om åtak på andre grupper for moro skuld. Kampen utarta seg til eit snøkaos der 9 000 menn skal ha vore med. Bråket frå slostinga førte til at nordstatsstyrkene på andre sida av Rappahannock-elva frykta eit åtak, og førte til mange små og to alvorlege skader. Kort tid etter hendinga forbaud generalløytnant James Longstreet soldatane i hæren å kasta snøball.[4]


Verdas største dokumenterte snøballkrig blei halden 10. februar 2006 av 3 745 deltakarar ved Michigan Technological University.[5]



Meisterskap |


«Yukigassen» (japansk for 'snøballkrig') er ein meisterskap i snøballkrig som blei starta i Japan. Det er blitt halde turneringar i Japan, Finland, Noreg og Australia.



Snøballkrig i kulturen |


Teikneseriefigurane Tommy og Tigern er i mange historier innblanda i snøballkrigar, til dømes mot kvarandre eller mot Tommy sin erkefiende Marianne.


Dokumentarserien Snøballkrigen, sendt januar 2011 på NRK, portretterte ein årleg Snøballkrig-festival i Vardø i Finnmark, menneska rundt og byen.



Sjå òg |



  • Matkrig

  • Putekrig

  • Snøvasking



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Snöbollskrig» frå Wikipedia på svensk, «Snowball fight» og «Yukigassen» frå Wikipedia på engelsk den 13. januar 2008.



Fotnotar |





  1. Bridget Ann Henisch: «Chapter 1: In Due Season» frå The Medieval Calendar Year


  2. Jeffrey Kahan: «Salamanders and Snowballs: Thematic Stability and Plot Reconfiguration in the Fictional Histories of Francois 1»


  3. Vilnius Festivals


  4. An Illustrated History of the Fourth Texas Infantry


  5. MichiganTech World Records




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Snøballkrig


  • Yukigassen Noreg



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...