Olaf Nordhagen Sjå òg | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyOlaf Nordhagen Ingeniør, arkitekt og...
EinskildmennFødde i 1883Døde i 1925Norske arkitektarNorske ingeniørarNorske kunstnararFolk frå Oslo
6. november1925Trondheim16. mars18836. november1925arkitektingeniørkunstnarOslo1906Bergen Offentlige BibliotekkraftstasjonanevasskraftverkaSåheimVemorkRjukanrestaureringaNidarosdomen1909Christian Christiedomkyrkjaarkeologiske19221930gravmonument
Olaf Nordhagen | |
Fødd | 16. mars 1883 Christiania |
Død | 6. november 1925 |
Yrke | arkitekt, ingeniør, kunstnar, professor |
Olaf Nordhagen på Commons |
Johan Olaf Brochmann Nordhagen (16. mars 1883–6. november 1925) var ein norsk arkitekt, ingeniør og kunstnar, fødd og oppvaksen i Oslo. I 1906 vann han arkitektkonkurransen om Bergen Offentlige Bibliotek. Han teikna også kraftstasjonane til vasskraftverka Såheim og Vemork ved Rjukan.
Han er mest kjend for å ha leia restaureringa av Nidarosdomen frå 1909 fram til han døydde. I Nidarosdomen stod han bl.a. ansvarleg for oppføringa av store delar av vestskipet etter teikningar av Christian Christie. Nordhagen var den første som måtte attoppbyggja delar av domkyrkja som ikkje kunne rekonstruerast ut frå historiske eller arkeologiske kjelder, og nokre av Nordhagen sine utkast til løysing vekte stort ordskifte. Etter at han i 1922 gjekk sigrande ut av den såkalla systemstriden om prinsippet for atterreisinga av vestskipet, utforma han kvelvingar og tak i vestskipet og midtdelane av vestfronten, irekna det store rosevinduet. Desse delane stod ferdig i 1930, fem år etter at han døydde.
Nordhagen sitt gravmonument ligg like ved nordre tverrskip i Nidarosdomen.
Sjå òg |
- Restaureringa av Nidarosdomen
Bakgrunnsstoff |
Olaf Nordhagen Ingeniør, arkitekt og kunstner på http://www.iu.hio.no
Johan Olaf Brochmann Nordhagen på http://www.artemisia.no
- Store Norske Leksikon om Nordhagen.
|