Michael Smith Kjelder | NavigasjonsmenyPolSys
EinskildmennFødde i 1775Døde i 1849Norske offiserarNorske embets- og tenestefolkStortingsrepresentantar 1818-1820Stortingsrepresentantar for RogalandFolk frå Stavanger
25. november1849177525. november1849norsklandmålarkrigskommissærStavangerfenrikinfanteriregimentsekondløytnantmajorStavanger amtfestningsarbeidKristiansandIslandorlogsfartøySkottlandStortingetKrokskogenutskifting
Michael Smith | |
Fødd | 1775 |
Død | 25. november 1849 |
Yrke | embetsmann, politikar |
Michael Smith (1775–25. november 1849) var ein norsk landmålar, krigskommissær og stortingsmann frå Stavanger.
Smith var fenrik ved Vesterlehnske infanteriregiment frå 1792, perioden 1801 til 1811 steig han i gradane frå sekondløytnant til major. Åra 1797-1800 arbeidde han som landmålingskonduktør i Stavanger amt. Etter å ha teke landmålareksamen i 1800 deltok han 1801-02 i festningsarbeid i Kristiansand. Dei neste tre åra var han tilsett i Nedenes og Råbygdelagets amt. I 1805 reiste han til Island der han styrte den geografiske kyst- hamneoppmålinga på øya. På heimereisa vart han teken til fange av eit britisk orlogsfartøy. Han sat i kort tid fanga i Skottland, alt hans samla materiale på Island vart han fråteke.
Vel heime i Noreg vart Smith sett til å taksere og skifte det benefiserte godset i Trondhjems stift. Frå 1814 hadde han same oppgåva for Kristiansand stift. To år seinare vart han amtskonduktør i Stavanger stift. Han var frå 1819 sjø- og landkrigskommissær i Stavanger amt, frå 1835 i Kristiansand stift.
Smith representerte byen Stavanger på Stortinget i 1818. Han var medlem av 13 komitear, formann i komiteen om Krokskogen allmenning. I 1835 var han medlem av ein kongeleg kommisjon om utskifting.
Han døydde i Kristiansand.
Kjelder |
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
|