2S19 Msta Innhaldsliste Utvikling | Operativ bruk og landa som nytta våpenet | Spesifikasjonar |...


Sjølvdrive artilleri


haubits2S3 Akatsijaelva Mstasjølvdrive artilleriMal:OR





Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Msta-S - TankBiathlon2013-26.jpg


2S19 «Msta-S» (russisk Мста) er ein sjølvgåande 152.4 mm haubits designa av Russland/Sovjetunionen, som kom i teneste i 1989 som etterfølgjaren til 2S3 Akatsija.
Kjøretøyet er basert på T-80-chassis, men er drive av T-72 sin dieselmotor.


Namngjevinga er etter elva Msta.




Innhaldsliste






  • 1 Utvikling


  • 2 Operativ bruk og landa som nytta våpenet


  • 3 Spesifikasjonar


  • 4 Variantar


  • 5 Referansar





Utvikling |


Msta er ein moderne haubits designa for distribusjon anten som ein upansra haubits som må flyttast med traktor eller lastebil, eller monterast i pansra kjøretøy som sjølvdrive artilleri. Dagens produksjon av taua modell er kalla Msta-B, medan sjølvgåande modell er Msta-S (òg kjend under GRAU-indeks 2S19).


Utvikling av 2S19 starta i 1980 under namnet Ferma Prototypen vart kjend som Ob'yekt 316. 2S19 i standardversjon består av eit semi-automatisk legging system 1P22, ein automatisk ladar, eit ABC-vern system, passiv nattsyn for sjåføren, eit dosarblad, ein røyk generator og 81mm røyk bæreraketter, 1V116 intercom system og ein 16 kW generator AP-18D. I 2008 bestilte det russiske forsvaret ein forbetra modell med eit automatisert eldkontrollsystem.


2S19 kan fyra av følgjande typar ammunisjon: HE (24.7 km), HEAT-FS, røyk, kjemiske, taktiske, kjernefysiske, belysning og cargoammunisjon (ICM). Mal:OR Laserstyrt "Krasnopol" (9K25 system) kan òg lanserast, og dessutan ein kortare versjon av "Krasnopol-M" som passar inn i den automatiske ladaren.



Operativ bruk og landa som nytta våpenet |




Kart (frå 2015) over land som nyttar våpenet; Dei landa er farga blå. Land som ikke nyttar våpenet lengre, er farga raudt på kartet.


Msta-S howitzers vart brukt av russiske hæren å levera artillerield mot tsjetsjenske separatistar i løpet av den Andre Tsjetsjenske Krigen.[1]


Msta-S har òg vorte brukt i Krigen i Donbass av den ukrainske hæren og dessutan pro-russiske separatistar som overtok minst eitt slikt våpen under konflikten.[2]



Spesifikasjonar |


Msta-S spesifikasjonar gjeve av produsent




  • Skotvidde:

    • 29 km base-bleed"

    • 36 km rakett-assistert




  • Skottakt: 6-8 skot per minutt


  • Våpen-elevasjon: -4° til +68°


  • Våpen-travers: 360°


  • Distribusjonstid: 22 minutt


  • Avdelingsammunisjon: 50 granatar



Variantar |




  • 152 mm haubits 2A65 - ein slept versjon av den same haubits.


  • 1K17 Szhatie - ei "laserstridsvogn" væpna med eit batteri av laserar meint å deaktivere optoelektroniske system; brukar Msta-S understell og tårn.


  • 2S19M1 (2000) - Forbetra versjon med automatisk leggesystem og GLONASS.

  • 2S19M2 "Msta-SM" (2013) - Forbetra versjon utstyrt med eit nytt automatisk eldkontrollsystem som aukar stottakta. Digitale elektroniske kart er no (2012) tilgjengelege.


  • 2S19M1-155 (2006) - 155mm eksport-versjonen av 2S19M1, utstyrt med eit L/52 røyr.

  • 2S27 "Msta-K" - Hjulvariant (K = kolyosnij), basert på eit 8x8 lastebil chassis. Det var fleire ulike prototypar, inkludert ein som er basert på ein KrAZ-ChR-3130 og to basert på Ural-5323 (med og utan tårn).

  • 2S30 "Iste" - ein forbetra versjon, prototype.

  • 2S35 "Koalitsiya-SV" - Prosjektet for eit nytt artillerisystem for dei russiske landtyrkane (SV = sukhoputniye voyska). Tidlege prototypar var på eit 2S19 chassis med endra tårn, og utstyrt med ein over-og-under dobbel automatlada 152mm haubits. Utviklinga av denne varianten vart etter kvart vald vekk til fordel for eit heilt nytt artillerisystem som bruka den same nemninga.[3]



Referansar |




  1. Pashin, Alexander. «Russian Army Operations and Weaponry During Second Military Campaign in Chechnya». Moscow Defense Review. Arkivert frå originalen January 29, 2009. Henta 8 March 2014. 


  2. http://armamentresearch.com/Uploads/Research%20Report%20No.%203%20-%20Raising%20Red%20Flags.pdf}}


  3. http://www.janes.com/article/50896/new-russian-heavy-armour-breaks-cover%7Cbesøksdato=25 November 2015



  • Denne artikkelen bygger på «2S19 Msta» frå Wikipedia på bokmål, den 15. august 2017.








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...