Haiar Innhaldsliste Skildring | Haien og mennesket | Systematikk og norske artar | Bakgrunnsstoff |...


HaiarBruskfisk


parafyletiskbruskfiskbruskskjelettordenarhåarfiskskjelettbruskgjelleopningarskinnskateneevolusjonshistoriskpygmehaienkvalhaienkvithaientigerhaienmonofyletisk gruppebruskfiskhavmusGaleaSqualea











































Haiar

Great white shark south africa.jpg

Systematikk

Rike:

Dyr Animalia

Rekkje:

Ryggstrengdyr Chordata

Underrekkje:

Virveldyr Vertebrata

Infrarekkje:

Kjevemunnar Gnathostomata

Klasse:

Bruskfiskar Chondrichthyes

Underklasse:

Euselachii

Infraklasse:

Neoselachii

Overorden:

Haiar Selachimorpha


Ordenar


  • Carcharhiniformes

  • Heterodontiformes

  • Hexanchiformes

  • Lamniformes

  • Orectolobiformes

  • Pristiophoriformes

  • Squaliformes

  • Squatiniformes



Haiar eller håar (Selachimorpha) er ei parafyletisk gruppe bruskfisk med bruskskjelett og i regelen straumlinjeforma kropp. Det finst åtte ordenar hai, i norske farvatn finst tre av dei. Det tradisjonelle norske namnet på hai er , men håar vert no mykje nytta om ein særskild orden haiar.




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Haien og mennesket


  • 3 Systematikk og norske artar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Skildring |


Haiane er ei stor og variert gruppe fisk som har det til felles at dei har skjelett i brusk, pustar med fem-sju gjelleopningar og har hardt, sandpapiraktig skinn. Det er vanskeleg å definera trekk som er felles for heile gruppa utan å ta med trekk som òg gjeld for skatene; evolusjonshistorisk sett høyrer desse nemleg til i gruppa. Døme på definerande trekk for gruppa Elasmobranchii omfattar mellom anna spirakulum (ei rund pusteopning i tillegg til gjellene), såkalla Lorenzini-ampullar (elektriske reseptorar i snutepartiet) og at gjellespaltane manglar lok.


Det finst artar i alle storleikar, frå pygmehaien Euprotomicrus bispinatus på 22 cm til kvalhaien (Rhincodon typus), som kan bli godt over 15 meter i lengd.



Haien og mennesket |


Haiane har eit særs dårleg rykte som nokre av dei mest blodtyrste dyra i havet. Dette er, som så mange andre rykte, overdrive; det finst berre ein ti-tjue av over 360 artane som er i stand til og interessert i å gå til åtak på menneske. Store tropiske haiar som kvithaien (Carcharodon carcharias) og tigerhaien (Galeocerdo cuvier) må ein likevel passa seg for.


I Noreg har haiar aldri vore særleg viktige i fiske, men elles i verda vert mange haiar jakta på både for huda, finnane og kjøtet. Dei er òg populære mellom sportsfiskarar. Ein reknar med at 100 millionar haiar vert drepne av menneske årleg på verdsbasis.



Systematikk og norske artar |





Brugda er den nest største haiarten i verda med sine opptil 13 meter


Haiane utgjer inga monofyletisk gruppe, men er ei samlekjenning for dei fleste artane i gruppa Elasmobranchii. Denne gruppa er den største gruppa nolevande bruskfisk, og har havmus som systergruppe. Ein deler elasmobranchiane vidare i to hovudgrupper: Galea omfattar 279 artar i fire ordenar der alle har gattfinne, medan Squalea manglar denne finnen og omfattar 658 artar i ti ordenar. Det er her skatane høyrer til. Av praktiske årsaker er skatene tekne med i systematikken nedanfor.


I Noreg finst 18 artar hai, men 10 vert berre rekna som gjester. Dei fordeler seg på fire ordenar og ni familiar. I tillegg høyrer det til 14 artar skate, mellom dei norske elasmobranchiane.




  • Galea

    • Orden Oksehovudhaiar - Heterodontiformes. 8 artar med særeigne «augebrynsbogar»

    • Orden Kvalhaiar - Orectolobiformes. 32 artar med tentaklar i naseborene og flate hovud, mellom anna verdas største fisk kvalhaien.

    • Orden Håbrannar - Lamniformes. 15 artar med gjellespaltane framfor bukfinnen.


        • Håbrann (Lamna nasus)


        • Makrellhai (Isurus oxyrinchus)


        • Brugde (Cetorhinus maximus)


        • Revehai (Alopias vulpinus)



    • Orden Gråhaiar - Carchariniformes. 224 artar som ofte manglar spiraculum.


        • Småflekka raudhai (Scyliorhinus caniculus)


        • Hågjel (Galeus melanostormus)


        • Storflekka raudhai (Scyliorhinus stellaris)


        • Blåhai (Prionace glauca)


        • Gråhai (Galeorhinus galeus)


        • Kvitflekka glatthai (Mustelus asterias)






  • Squalea

    • Orden Seksgjellehaiar - Hexanchiformes. 5 artar med 6-7 gjellespaltar og berre ein ryggfinne. Reknast til Squalea ut frå slektskap, sjølv om dei har gattfinne.


        • Kamtannhai (Hexanchus griseus)


        • Kragehai (Chlamydoselachus anguineus)



    • Orden Vortehaiar - Echinorhiniformes. 2 artar med grove tenner i huda og fyrste ryggfinne bak bukfinnen.

    • Orden Håar - Squaliformes. 97 artar utan blinkhinne, der fyrste ryggfinne sit langt framfor bukfinnen.


        • Pigghå (Squalus acanthias)


        • Svarthå (Etmopterus spinax)


        • Håkjerring (Somniosus microcephalus)


        • Gråhå (Deania calceus)


        • Spansk håkjerring (Scymnorhinus licha)



    • Orden Havenglar - Squatiniformes. 15 artar flate haiar med munn endestilt på kroppen og tentaklar i naseborene.

        • Havengel (Squatina squatina)


    • Orden Saghaiar - Pristiophoriformes. 5 artar med ein lang snute som ber eit par tentaklar og ei rad med vekselvis korte og lange snutetenner.

    • Orden Skater - Rajiformes. 285 artar skater med torner på ryggen og særs liten halefinne.


        • Gråskate (Bathyraja spinicauda)


        • Isskate (Amblyraja hyperborea)


        • Kloskate (Amblyraja radiata)


        • Storskate (Dipturus batis)(er no på veg til å bli delt inn i to separate artar)


        • Kvitskate (Dipturus linteus)


        • Svartskate (Dipturus nidarosiensis)


        • Spisskate (Dipturus oxyrinchus)


        • Sandskate (Leucoraja circularis)


        • Gjøkskate (Leucoraja naevus)


        • Nebbskate (Leucoraja fullonica)


        • Piggskate (Raja clavata)


        • Rundskate (Rajella fyllae)



    • Orden El-rokker - Torpediniformes. 59 artar skater med flat snute og elektriske organ, men utan torner og med velutvikla halefinne.

    • Orden Sagfisk - Pristiformes. 7 artar med ein lang snute utan tentaklar og med snutetenner i same storleik.

    • Orden Pilskatar - Myliobatiformes. 183 artar skater med giftpigg på den lange piskeforma halen sin.


        • Pilskate (Dasyatis partinaca)


        • Ørneskate (Myliobatis aquila)







Bakgrunnsstoff |



  • Bergstad, Odd Aksel: «Haier», s. 17-31 i Norges dyr - fiskene 2, Cappellen 1992.

  • Bergstad, Odd Aksel: «Skater», s. 32-42 i Norges dyr - fiskene 2, Cappellen 1992.

  • Byrkjedal, Ingvar: «Forelesningsnotatar i BIO280 Fiskebiologi: Systematikk og anatomi.» Universitetet i Bergen, 2008





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...