Immunologisk sjukdom Innhaldsliste Liste over autoimmune sjukdommar | Immunsviktsjukdommar | Allergiar |...


Immunologiske sjukdommar


immunsystemetPrimære immunsviktsjukdommarviruslungebetennelsebronkittsinusittabscessarnødnummer




Immunologiske sjukdommar eller immunsjukdommar skuldast dysfunksjonar i immunsystemet. Sjukdommane kan vere kjenneteikna på fleire måtar:



  • av komponentane som er påverka i immunsystemet

  • av om immunsystemet er overaktivt eller underaktivt

  • av om tilstanden er medfødd (kongenital) eller erverva


Ifølgje International Union of Immunological Societies, så finst det meir enn 150 primære immunsviktsjukdommar (PID).[1] Det finst likevel langt fleire såkalla sekundære («erverva») immunsviktsjukdommar.[2]


Det har vore framlegg om at dei fleste menneske har minst éin primær immunsviktsjukdom.[3] På grunn av overflod i immunsystemet så vert desse sjeldan oppdaga.




Innhaldsliste






  • 1 Liste over autoimmune sjukdommar


  • 2 Immunsviktsjukdommar


    • 2.1 Primære immunsviktsjukdommar


    • 2.2 Sekundære immunsviktsjukdommar




  • 3 Allergiar


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Liste over autoimmune sjukdommar |


Hovudartikkelen for dette emnet er Autoimmun sjukdom.

Dette er ei ufullstendig liste:



  • systemisk lupus erytematosus

  • sklerodermi

  • visse former av hemolytisk anemi

  • vaskulitt

  • diabetes mellitus type 1

  • Graves' sjukdom

  • revmatoid artritt


  • multippel sklerose (sjølv om den truleg er immunmediert)

  • Goodpastures syndrom

  • pernisiøs anemi

  • visse former av myopati


  • borreliose («Lymes sjukdom»)



Immunsviktsjukdommar |


Hovudartikkelen for dette emnet er Immunsvikt.

Primære immunsviktsjukdommar er dei som skuldast nedarva, genetiske mutasjonar. Sekundære immunsviktsjukdommar («erverva») skuldast faktorar utanfor kroppen, som til dømes virus eller immunsuppresive lækjemiddel.[4]


Primære immunsviktsjukdommar har auka susceptibilitet til residiverande øyreinfeksjonar, lungebetennelse, bronkitt, sinusitt og hudinfeksjonar. Pasientar med immunsvikt plar å utvikle færre abscessar i dei indre organa, samt færre autoimmune, revmatologiske og gastrointestinale problem.[5]



Primære immunsviktsjukdommar |




  • alvorleg kombinert immunsvikt (SCID)

  • DiGeorges syndrom


  • hyper-IgE-syndrom («Jobs syndrom» eller «hyperimmunoglobulin-E-syndrom»)


  • vanleg variabel immunsvikt (CVID): B-cellenivåa er normale i kretsløpet, men det har vore nedsatt produksjon av IgG gjennom åra, så det er den einaste primære immunsviktsjukdommen som oppstår i dei seine tenåra.


  • kronisk granulomatøs sjukdom (CGD): defisiens (mangel) i enzymet NADPH-oksidase, som fører til svikt ved danninga av oksygenradikalar. Klassisk residiverande infeksjon som følgje av katalase-positive bakteriar og sopp.


  • Wiskott-Aldrichs syndrom (WAS)


  • autoimmunt lymfoproliferativt syndrom (ALPS)


  • hyper-IgM syndrom: X-bunden liding som fører til defisiens i produksjonen av CD40-ligand på aktiverte T-celler. Dette aukar produksjonen og utsleppet av IgM i kretsløpet. Tala på B-celler og T-celler er normale. Auka susceptibilitet til ekstracellulære bakteriar og opportunistiske infeksjonar.


  • leukocytt adhesjonsvikt (LAD)

  • mutasjonar i NF-κB essensiell modulator (NEMO)


  • Selektiv IgA-mangel: den vanlegaste defekten i humoral immunitet, og er kjenneteikna av mangel på IgA. Dannar residiverande sinopulmonale og gastrointestinale infeksjonar.


  • x-bunden agammaglobulinemi (XLP)

  • ataxia telangiectasia



Sekundære immunsviktsjukdommar |


  • Aids


Allergiar |


Hovudartikkelen for dette emnet er Allergi.

Allergiar er abnorme immunresponsar mot harmlause antigen.



  • sesongallergi

  • mastocytose


  • perennial allergi (fleirårig)

  • anafylaksi

  • matallergi


  • allergisk rhinitt[6]

  • atopisk eksem



Sjå òg |


  • splenomegali


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Immune disorder» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2015.





  1. Geha RS, Notarangelo LD, Casanova JL; et al. (Oktober 2007). «Primary immunodeficiency diseases: an update from the International Union of Immunological Societies Primary Immunodeficiency Diseases Classification Committee». J. Allergy Clin. Immunol. 120 (4): 776–94.  CS1 maint: Explicit use of et al. (link) CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  2. Kumar A, Teuber SS, Gershwin ME (2006). «Current perspectives on primary immunodeficiency diseases». Clin. Dev. Immunol. 13 (2–4): 223–59.  CS1 maint: Multiple names: authors list (link)


  3. Casanova JL, Abel L (August 2007). «Primary immunodeficiencies: a field in its infancy». Science 317 (5838): 617–9. 


  4. «Primary Immune Deficiency Diseases». Department of Health and Human Services: National Institutes of Health. Henta 31. august 2011. 


  5. «Primary Immunodeficiency FAQ». INFO4PI. Henta 31. august 2011. 


  6. Merck Manuals: Immune disorders. Henta 12. januar 2015




Bakgrunnsstoff |



  • Revmatologiske og immunologiske sjukdommar — Helsebiblioteket.no

































Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...