Daniel Mahrer Innhaldsliste Aktiv | Verdscupsigrar | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildmennFødde i 1962Sveitsiske alpinistarDeltakarar under vinter-OL 1988Deltakarar under vinter-OL 1992Alpinistar under vinter-OL 1992Deltakarar under vinter-OL 1994Alpinistar under vinter-OL 1994


sveitsiskChurVM i alpint 1991Saalbach-Hinterglemmverdscupen i alpintFranz HeinzerKitzbühelFuranoAustraliaPeter MüllerBritish ColumbiaPirmin ZurbriggenVal-d'IsèreLeukerbadMarc GirardelliCanadaSchladmingCortina d'AmpezzoGarmisch-PartenkirchenAtle SkårdalSaalbach-HinterglemmItaliaJan Einar ThorsenAspenColoradoVeysonnaz
























Daniel Mahrer

Statsborgarskap Sveits
Fødd
6. januar 1962
Chur
Idrett
alpint
Yrke
alpinist

Daniel Mahrer (fødd 6. januar 1962) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Chur. Han vann bronsemedaljen i utfor under VM i alpint 1991 i Saalbach-Hinterglemm. Frå 1985 til 1993 vann han åtte renn i verdscupen i alpint, det fyrste i øvinga super-G, hine i utfor. I sine beste sesongar i verdscupen, 1991 og -93, vart han nummer åtte, medan han i utforcupen som best vart nummer to, i 1992-sesongen, bakom landsmannen Franz Heinzer. Totalt stod Mahrer på pallen 23 gongar etter utforrenn og to gongar etter super-G-renn.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Verdscupsigrar


  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Aktiv |


Mahrer deltok i sitt fyrste verdscuprenn i Kitzbühel i januar 1985, der han kom på 12. plass. Allereie i debutsesongen hevda han seg i verdseliten i øvinga. I mars same året stilte han til start i sitt fyrste super-G-renn i verdscupen i Furano i Japan, og sigra, ein siger han delte med Steven Lee frå Australia. To veker seinare stod han for fyrste gong på pallen etter eit utforrenn, einast landsmannen Peter Müller rann fortare i Panorama i delstaten British Columbia.


I 1986-sesongen makta Mahrer ikkje å kome på pallen i noko verdscuprenn, men høyrde likevel med i verdseliten i utfor. Utover vinteren 1987 gjorde han det stadig betre i utforløypa, og hamna to gongar på andreplass og ein gong på tredjeplass i utfor i verdscupen.


Mahrer vann to utforrenn i verdscupen i 1987/88-sesongen. Begge gongane viste han landsmenn til andreplassar, i desember 1987 slo han Pirmin Zurbriggen med tre hundredels sekund i Val-d'Isère, medan han i januar 1988 vann klart over Franz Heinzer i Leukerbad.


1989-sesongen var Mahrer på sitt beste. Han steig då på pallen i fem av dei åtte utforrenna i verdscupen. Etter å ha gått til topps i det andre utforrennet i Kitzbühel, framom Marc Girardelli, kom han i løpet av ein månad tre gongar på tredjeplass i verdscuprenn i utfor. Han avslutta sesongen i slutten av februar med ein andreplass i Whistler Mountain, bak Rob Boyd frå Canada.


Mahrer fekk to pallplasseringar i 1990-sesongen. Han vart nummer tre i Schladming i januar og nummer to i Cortina d'Ampezzo i februar. På nyåret i 1991 vann han eit uvanleg jamt utforrenn i Garmisch-Partenkirchen. Med tida 1.55,01 var han berre 0,15 sekundar føre åttandemann i mål. Norske Atle Skårdal på delt andreplass var seks hundredels sekund bak Mahrer. Den 27. januar vann Mahrer si einaste meisterskapsmedalje, då han i Saalbach-Hinterglemm tok bronsen i VM-utforen, landsmannen Franz Heinzer vart verdsmeister, medan Peter Runggaldier frå Italia vart nummer to.


Gjennom 1992-sesongen kom Mahrer fire gongar på pallen i verdscuprenn, alle i utfor. Han vart nummer to etter Heinzer i Kitzbühel i januar, før han i mars månad starta med å verte nummer to i Panorama, ein hundredels sekund bak landsmannen William Besse. Det andre utforrennet i Panorama vann han med fire hundredels margin til nordmannen Jan Einar Thorsen. Og veka etter gjekk Mahrer til topps i Aspen i delstaten Colorado.


Mahrer vann i januar 1993 på ny eit utforrenn i Garmisch-Partenkirchen, seinare i sesongen fekk han andreplassar i utfor i spanske Sierra Nevada og i super-G i norske Kvitfjell. Midt i desember 1993 vart han nummer to i eit utforrenn i Val d'Isère, hans einaste pallplass i OL-sesongen 1994.


I 1995-sesongen klarte Mahrer berre sjeldan å hevde seg i verdscupen. Ein fjerdeplass i utfor på Kvitfjell i mars månad var hans beste plassering. Stillinga var mykje den same i 1996, men han fekk med seg ei pallplassering då han i slutten av januar vart nummer tre i eit utforrenn i Veysonnaz. Ved sesongslutt 1996 la han opp.



Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap |



  • 1987: Nr 6 i utfor under VM i alpint i Crans-Montana

  • 1988: Nr 12 i utfor under vinter-OL i Calgary

  • 1989: Nr 4 i utfor under VM i alpint i Vail

  • 1991: Bronsemedalje i utfor under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm

  • 1992: Nr 13 i utfor under vinter-OL i Albertville

  • 1993: Nr 19 i utfor under VM i alpint i Morioka

  • 1994: Nr 14 i utfor under vinter-OL på Lillehammer

  • 1996: Nr 19 i utfor under VM i alpint i Sierra Nevada



Verdscupsigrar |

























































Dato
Ort
Land
Øving
3. mars 1985 Furano Japan
Super-G
7. desember 1987 Val-d'Isère Frankrike
Utfor
24. januar 1988 Leukerbad Sveits
Utfor
14. januar 1989 Kitzbühel Austerrike
Utfor
5. januar 1991 Garmisch-Partenkirchen Tyskland
Utfor
7. mars 1992 Panorama Canada
Utfor
14. mars 1992 Aspen USA
Utfor
11. januar 1993 Garmisch-Partenkirchen Tyskland
Utfor


Kjelder |






  • Resultatoversikt hos FIS (engelsk)



Bakgrunnsstoff |


  • Nettstaden til Daniel Mahrer



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...