Wisława Szymborska Innhaldsliste Virke | Utmerkingar | Referansar | Bakgrunnsstoff |...


EinskildkvinnerFødde i 1923Døde i 2012Polske forfattararPolske diktararNobelprisen i litteraturFolk frå det storpolske voivodskapPolske nobelprisvinnarar


1. februar2012Kraków2. juli1923BninPoznanPolen1. februar2012KrakówlyrikaressayistNobelprisen i litteraturNobelprisenNobelprisen i litteraturden sosialistiske realismenYetiKraków

































Wisława Szymborska

Wisława Szymborska 2009.10.23 (1).jpg

Fødd
2. juli 1923
Kórnik
Død

1. februar 2012
Kraków


Yrke
lyrikar, skribent, omsetjar, essayist, forfattar
Far
Wincenty Szymborski
Mor
Anna Szymborska
Ektefelle
Adam Włodek

Wisława Szymborska på Commons



Wisława Szymborska i Kraków, 23. oktober 2009.


Wisława Szymborska (fødd 2. juli 1923 i Bnin ved Poznan i Polen, død 1. februar 2012 i Kraków)[1] var ein polsk lyrikar, essayist og omsetjar av fransk litteratur.


I 1996 blei Szymborska tildelt Nobelprisen i litteratur «för en poesi som med ironisk precision låter det historiska och biologiska sammanhanget träda fram i fragment av mänsklig verklighet.»[2][3]



Nobelprisen
Nobelprisen i litteratur

1996







Innhaldsliste






  • 1 Virke


  • 2 Utmerkingar


  • 3 Referansar


  • 4 Bakgrunnsstoff





Virke |


I mars 1945 fekk Szymborska for første gong publisert eit dikt, Szukam słowa («Eg søkjer ord»), i dagsavisa Dziennik Polski.


På slutten av 1940-åra blei ho av ideologiske grunnar nekta å publisere ei diktsamling og valde å tilpasse seg den sosialistiske realismen. Den første diktsamlinga bar tittelen Dlatego żyjemy (1952, «Det er derfor vi lever») og innheldt dikt med titlar som «Lenin» og «Vi helsar bygginga av ein sosialistisk by velkomen.» Dikt som hylla diktatorar var på denne tida ikkje berre vanleg i austblokklandea; òg forfattarar i vest var utøvarar av denne kunsten. Etter enno ein til dels fjernstyrt diktsamling, Pytania zadawane sobie (1954, «Spørsmål eg stiller meg»), tok ho til å konsentrere seg om diktekunsten igjen og skreiv dikt om å skrive det ho såg og følte, til dømes «Katt i tom bustad», «Bidrag til statistikk», «Stemmer» og andre.


Szymborska fekk sitt gjennombrot i 1957 med diktsamlinga Wołanie do Yeti («Rop etter Yeti»).


Ho skreiv i ein ubunden verseform; språkleg er dikta enkle. Verka hennar er omsett til ei rekke språk. I tillegg til at Szymborska publiserte seksten bind omsette ho òg fransk poesi til polsk.


Wisława Szymborska døydde i Kraków 1. februar 2012 etter lengre tids sjukdom.[1]



Utmerkingar |



  • Staden Krakow sin litteraturpris, 1954

  • Prisen til det polske kulturministeriet, 1963


  • Goetheprisen, 1991


  • Herder-prisen, 1995

  • Æresdoktorat ved Adam Mickiewicz-universitetet i Poznań, 1995

  • Den polske PEN-klubben sin pris, 1996


  • Nobelprisen i litteratur, 1996



Referansar |





  1. 1,01,1 Nie żyje Wisława Szymborska.


  2. "for poetry that with ironic precision allows the historical and biological context to come to light in fragments of human reality".


  3. Tildelinga av Nobels litteraturpris i 1996 på nobelprize.org




Bakgrunnsstoff |




  • Verk av og om Wisława Szymborska i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket

  • Nobelprize.org, Nobelprisen i litteratur 1996

  • Nobelprize.org, Wisława Szymborska - Biografi


  • Om og av Wisława Szymborska, OrdStröm förlag


  • Dikt av Wyslawa Szymborska i light projections av Jenny Holzer





























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...