Atlanterhavsvegen Århundrets byggverk i Noreg | Bruer på Atlanterhavsvegen frå vest mot aust |...


Vegbruer i Møre og RomsdalVegar i Møre og RomsdalNasjonale turistvegarVegar i EideVegar i Averøy1989 i NoregSkipingar i 1989


riksveg 64NordmøreMøre og RomsdalmeterVevangEideKårvågAverøy7. juli1989ferjesambandetØrjavikTøvikbompengefinansiertjuni1999jernbane1900-talet19351970-talet1. august19832004nasjonal turistveg2005Århundrets byggverk 1905–2005




Koordinatar: 63°1′7″ N 7°21′51″ E




Atlanterhavsvegen, Storseisundet bru, Lauvøyfjorden


Atlanterhavsvegen er eit vegstykke på riksveg 64 på Nordmøre i Møre og Romsdal. Vegen er 8274 meter lang og går frå Vevang i Eide til Kårvåg i Averøy og avløyste 7. juli 1989 ferjesambandet mellom Ørjavik og Tøvik i dei to kommunene. Anlegget består blant anna av åtte bruer på til saman 891 meter og går over ein heil del holmar og skjer. Vegen kosta 122 millionar 1989-kroner og var delvis bompengefinansiert. Bommen blei fjerna i juni 1999.


Traseen vegen følgjer blei opphavleg planlagt for jernbane tidleg på 1900-talet, men den ideen blei skrinlagd for godt i 1935. Planlegging av vegstrekninga kom i gang på 1970-talet. Bygginga starta 1. august 1983.


Atlanterhavsvegen er landets åttande best besøkte naturbaserte turistattraksjon (2004) med 283 500 besøkande. Vegstrekninga er foreslått til nasjonal turistveg.



Århundrets byggverk i Noreg |


I september 2005 blei Atlanterhavsvegen kåra til Århundrets byggverk 1905–2005.



Bruer på Atlanterhavsvegen frå vest mot aust |



  • Vevangstraumen bru, 119 meter - seglingshøgd 10 meter

  • Hulvågen bruer, 3 bruer på til saman 239 meter - seglingshøgd 4 meter


  • Storseisundet bru, 260 meter - seglingshøgd 23 meter

  • Geitøysundet bru, 52 meter - seglingshøgd 6 meter

  • Store Lauvøysund bru, 52 meter - seglingshøgd 3 meter

  • Lille Lauvøysund bru, 115 meter - seglingshøgd 7 meter



Bakgrunnsstoff |



  • http://www.atlanterhavsveien.no

  • http://atlanterhavsveien.net

  • http://www.atlanterhavsveien.org




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...