Celsius Innhaldsliste Skrivemåte | Omrekningstabell mellom dei forskjellige einingane | Sjå òg |...
SI-avleia einingarTemperatureiningar
måleiningtemperaturvatnsvenskeforskarenAnders Celsius1742smeltepunktetkokepunktetvatntrykkCarl von Linnédet absolutte nullpunktettermisk aktiviteturokrystallstrukturkelvinnullpunktetKSmeltepunktetkokepunktetmåleiningarmellomromgradsymboletUnicodeHTMLUnicode
Omrekning frå | til | formel |
---|---|---|
celsius | fahrenheit | °F = (°C · 9/5) + 32 |
fahrenheit | celsius | °C = (°F − 32) · 5/9 |
celsius | kelvin | K = °C + 273,15 |
kelvin | celsius | °C = K − 273,15 |
fahrenheit | kelvin | K = (°F + 460) · 5/9 |
kelvin | fahrenheit | °F = (K · 9/5) − 460 |
Fleire formlar for temperaturomrekning |
Celsius eller grad Celsius er ei måleining for temperatur, delt inn slik at frysepunktet til vatn er 0-punkt, og kokepunktet 100 ºC.
Eininga vert nytta for å uttrykke temperatur på celsiusskalaen, og er kalla opp etter den svenske forskaren Anders Celsius (1701–44), som i 1742 fastsette skalaen etter smeltepunktet og kokepunktet til vatn under normalt trykk ved havoverflata. Han sette kokepunktet til 0 °C og smeltepunktet til 100 °C. I 1747 kalla Carl von Linné skalaen opp etter Celsius og bytta samstundes om punkta, slik at smeltepunktet no er 0 °C og kokepunktet er 100 °C.
I fysikken er temperaturskalaen no definert i høve til det absolutte nullpunktet, der all termisk aktivitet har tatt slutt og alt som finst av uro er dei små feila i krystallstruktur som kan oppstå under frysing. Eininga på temperaturskalaen er kelvin (K). Storleiken av trinna på skalaen er den same som Celsius brukte — 1/100 av avstanden mellom smeltepunktet og kokepunktet til vatn — men nullpunktet er definert som fråveret av termisk aktivitet, som inntreff ved −273,15 °C eller 0 K. Smeltepunktet for vatn er dermed +273,15 K, og kokepunktet er +373,15 K.
Innhaldsliste
1 Skrivemåte
2 Omrekningstabell mellom dei forskjellige einingane
3 Sjå òg
4 Kjelder
Skrivemåte |
Som med dei fleste andre måleiningar, skal det vere mellomrom mellom verdien og eininga: 200 °C. Viss det framstår frå konteksten at det er snakk om grader Celsius, er det òg mogeleg å skrive kortforma 200º, og i såfall skal det ikkje vere mellomrom føre gradsymbolet.[1]
Det er vanleg å skrive eininga som to teikn: gradsymbolet (Unicode: U+00B0, HTML: °
) følgd av ein vanleg C. I Unicode finst det òg eit eige teikn for «grader celsius»: U+2103 (DEGREE CELSIUS), som ser slik ut: ℃.
Omrekningstabell mellom dei forskjellige einingane |
Sjå òg |
- Fahrenheit
- Kelvin
- Formlar for temperaturomrekning
Kjelder |
Delar av denne artikkelen bygger på «Grad Celsius» frå Wikipedia på bokmål, den 15. februar 2012.
Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
↑ Språkrådet. «Svar på språkspørsmål». Henta 16. februar 2012.
SI-einingar | |
---|---|
ampere – becquerel – candela – grader celsius – gray – coulomb – farad – henry – hertz – joule – katal – kelvin – kilogram – lumen – lux – meter – mol – newton – ohm – pascal – radian – sekund – siemens – sievert – steradian – tesla – volt – watt – weber |