Bron-Y-Aur Stomp Innhaldsliste Songhistorie | Opphavet til namnet | Teksten | Konsertutgåver |...


Led Zeppelin-songarJimmy Page-songarRobert Plant-songarJohn Paul Jones-songarSongar frå 1970


Led ZeppelinJimmy PageRobert PlantBron-Yr-AurWalesJohn Paul JonesHeadley Grangemobilt studioRolling StonesMemphisTennesseeJohn BonhamskeiarkastanjettarBassistJohn Paul JonesbandlausBron-Yr-AurGwyneddWalesBron-Yr-AurinstrumentalcountryRobert PlantAragornJ. R. R. TolkienRamble OnThe Battle of EvermoreMisty Mountain HopOld ShepBlue MerlekontrabassBlack Country WomanDancing Days




































Bron-Y-Aur Stomp
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin III


Utgjeve
5. oktober 1970

Innspelt
Mai–august 1970

Sjanger

Folkrock, countryrock

Lengd
4:16

Selskap

Atlantic

Låtskrivar(ar)

Page, Plant, Jones

Produsent

Jimmy Page

«Bron-Y-Aur Stomp» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på det tredje albumet Led Zeppelin III frå 1970.




Innhaldsliste






  • 1 Songhistorie


  • 2 Opphavet til namnet


  • 3 Teksten


  • 4 Konsertutgåver


  • 5 Medverkande


  • 6 Andre versjonar


  • 7 Kjelder





Songhistorie |


Jimmy Page og Robert Plant skreiv songen i 1970 i Bron-Yr-Aur, ei lita hytte i Wales der dei kvilte ut etter ein turne i USA.[1][2]John Paul Jones vart òg tilskriven som låtskrivar på songen. Han vart seinare spelt inn i Headley Grange i 1970, med eit mobilt studio som høyrte til Rolling Stones. Songen vart gjort ferdig i Island i London og i Ardent Studios, Memphis i Tennessee.


Trommeslagar John Bonham spelte på skeiar og kastanjettar på innspelinga.[2]Bassist John Paul Jones spelar ein akustisk femstrengs bandlaus bass.


Led Zeppelin spela òg songen som ein elektrisk instrumental, «Jennings Farm Blues», som seinare kom ut på piratkopialbum.[2] Jennings Farm er namnet påe igedomen der familien Plant budde tidleg i 1970-åra.



Opphavet til namnet |


Songen er kalla opp etter Bron-Yr-Aur, eit hus i Gwynedd i Wales, der medlemmar av Led Zeppelin kvilte ut i 1970 for å skrive det meste av Led Zeppelin III etter å ha gjort ferdig ein slitsam turne i USA. Bron-Yr-Aur tyder «gyllent bryst» på walisisk. Uttalen er ˈbrɔn ər ˈaɪr. Hytte hadde ikkje innlagt vatn eller straum.


På den første trykkinga av albumet vart namnet stava som «Bron-Yr-Aur Stomp». Denne feilen vart namnet på ein seinare Led Zeppelin-song, «Bron-Yr-Aur», ein instrumental på albumet Physical Graffiti.



Teksten |


I «Bron-Y-Aur Stomp», ein country-aktig song, syng Robert Plant om å gå tur i skogen med den blåaugde hunden Strider.[2] Plant kalla visstnok hunden sin opp etter Aragorn (ofte kalla Strider) frå J. R. R. Tolkien sin Ringenes herre. Det finst referansar til Tolkien i fleire andre Led Zeppelin-songar, som «Ramble On», «The Battle of Evermore» og «Misty Mountain Hop». Det er utanom dette ingen referansar til Tolkien i «Bron-Y-Aur Stomp». Teksten inneheld òg ein referanse til songen «Old Shep»: When you're old and your eyes are dim / There ain't no "Old Shep" gonna happen again.


Bandet Blue Merle tok namnet sitt frå teksten i songen: «There ain't no companion like a blue-eyed Merle».



Konsertutgåver |


Songen vart ofte spela under eit akustisk sett på konsertane deira i 1971 og 1973. John Paul Jones spela då kontrabass og Bonham song harmonivokal med Plant. Dette kan ein sjå på Led Zeppelin DVD. På den nordamerikanske turneen i 1977 vart songen «Black Country Woman» spela som ein medley med «Bron-Y-Aur Stomp». Ved eit høve i Los Angeles, vart òg «Dancing Days» spela i den akustiske medleyen.



Medverkande |




  • Robert Plant - vokal


  • Jimmy Page - akustisk gitar


  • John Paul Jones - kontrabass


  • John Bonham - trommer



Andre versjonar |



  • 1999: Interior Rides (The Stringkvartett Tribute to Led Zeppelin)

  • 2003: various artists (A Bluegrass Tribute: Pickin' on Led Zeppelin, Volume II)

  • 2005: Coheed and Cambria (Good Apollo, I'm Burning Star IV, Volume One: From Fear Through the Eyes of Madness [bonus])

  • 2005: Hampton Stringkvartett (Take No Prisoners!)

  • 2005: Iron Horse (Whole Lotta Bluegrass: A Bluegrass Tribute to Led Zeppelin)

  • 2007: The Boys from County Nashville (The Celtic Tribute to Led Zeppelin: Long Ago and Far Away)

  • 2007: Carbon Leaf (iCovers 1.4 EP)

  • 2008: Roland Chadwick (Freedom Dreamer)

  • 2009: Jon and Roy (Holiday Special; Victoria, Canada)

  • 2010: Afro-Zep (Afro-Zep I)



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Bron-Y-Aur Stomp» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

    • Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9

    • Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7






  1. Phil Sutcliffe, "Back to Nature", Q Magazine Special Led Zeppelin edition, 2003, s. 34.


  2. 2,02,12,22,3 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.



































Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...