Den austantarktiske innlandsisen Innhaldsliste Endringar i ismasse | Temperaturendringar |...


Innlandsisar i AntarktisAust-Antarktis


innlandsisarAntarktis45 °V168 °EDen vestantarktiske innlandsisenDei transantarktiske fjellaSørpolenglobal oppvarmingDen vestantarktiske innlandsisenStorbritanniaFrankrikeNoregAustraliaChileArgentina






Den austantarktiske innlandsisen til høgre.


Den austantarktiske iskappa, innlandsisen eller iskalotten er ein av to store innlandsisar i Antarktis og den største på heile planeten. Innlandsisen ligg mellom 45 °V og 168 °E og er langt større i areal og masse enn Den vestantarktiske innlandsisen. Dei transantarktiske fjella skil dei to innlandsisane. Den austantarktiske innlandsisen kviler på ein stor landmasse, i motsetnad til Den vestantarktiske innlandsisen, som hovudsakleg ligg på berggrunn under havnivå.[1] Den austantarktiske innlandsisen består av den tjukkaste isen i Antarktis og er på det tjukkaste 4 800 meter tjukk. Meir kjend er innlandsisen for at Sørpolen ligg her.


Det er 29 kjende fjell i Aust-Antarktis som når ei høgd på over 2000 meter over havet.




Innhaldsliste






  • 1 Endringar i ismasse


  • 2 Temperaturendringar


  • 3 Territorialkrav


  • 4 Kjelder





Endringar i ismasse |


Det noverande internasjonale fokuset på global oppvarming har gjort at smeltinga av dei polare innlandsisane har fått mykje merksemd. Ein studie basert på gravitasjonsendringar i Den austantarktiske innlandsisen indikerer at isen mistar masse med ein rate på 57 milliardar tonn is per år[2] og at den samle antarktiske innlandsisen (inkludert Den vestantarktiske innlandsisen og kystområda) mistar masse med ein rate på 152 kubikkilometer (ca. 139 milliardar tonn) per år.[3]



Temperaturendringar |


Avkjøling i Aust-Antarktis i 1980-åra og 1990-åra har delvis oppheva oppvarminga av innlandsisen i Vest-Antarktis, som har blitt meir enn 0,1 °C/tiår dei siste 50 åra. Den samla temperaturendringa for heile Antarktis er òg positiv med meir enn 0,05 °C/tiår sidan 1957.[4]



Territorialkrav |



For meir om dette emnet, sjå Antarktiske territorialkrav.


Mange land har gjort krav på delar av Antarktis. Innanfor Den austantarktiske innlandsisen har Storbritannia, Frankrike, Noreg, Australia, Chile og Argentina alle sine kravområda (stundom overlappande).



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «East Antarctic Ice Sheet» frå Wikipedia på engelsk, den 27. januar 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Ice Sheets in Antarctica British Antarctic Survey



  2. doi:10.1038/ngeo694 10.1038/ngeo694




  3. Velicogna, Isabella; Wahr, John; Scott, Jim (2006-03-02). «Antarktis ice sheet losing mass, says Universitetet i Colorado study». EurekAlert.org. Universitetet i Colorado at Boulder. Henta 22 oktober 2011. 




  4. doi:10.1038/nature07669 10.1038/nature07669












Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...