Steve Mahre Aktiv | Kjelder | NavigasjonsmenyWorldCatVIAFLCCNISNI
EinskildmennFødde i 1957Alpinistar frå USAVerdsmeistrar i alpine greinerOlympiske sølvmedaljevinnarar for USAUSA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1976Alpinistar under vinter-OL 1976USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1980Alpinistar under vinter-OL 1980Medaljevinnarar under vinter-OL 1984USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1984Alpinistar under vinter-OL 1984Tvillingar
USAWashingtonPhil Mahreverdscupen i alpine greinerVM i alpine greiner 1982SchladmingIngemar StenmarkVinter-OL 1984Sarajevo
Steve Mahre | |
| Fødd | 10. mai 1957 Yakima |
| Yrke | alpinist, racerfører |
Steve Mahre på Commons | |
Steve Mahre (fødd 10. mai 1957) er ein USA-amerikansk tidlegare skirennar frå Yakima i Washington som vart verdsmeister i storslalåm i 1982 og tok OL-sølv i slalåm i 1984, bak broren Phil Mahre.
Aktiv |
Steve Mahre vann ni renn i verdscupen i alpine greiner i tida 1978-83. Bortsett frå ein slalåmsiger i heimlandet 4. mars 1978, kom dei andre triumfane i sesongane 1981-83. Omframt ein kombinasjonssiger i februar 1982, og to sigrar i storslalåm månaden etterpå, vann Mahre seks renn i yndlingsgreina slalåm. I 1982-sesongen enda han på tredjeplass i verdscupen i alpine greiner.
Mahre deltok i vinterleikane 1976 og 1980, begge gongane heilt utan suksess. Under VM i alpine greiner 1982 i Schladming nådde han toppen som aktiv alpinist då han vann VM-gull i storslalåm og viste svenske Ingemar Stenmark til sølvplassen. To år seinare stod han og tvillingbroren for ei sjeldan bragd ved å ta dobbeltsiger i slalåm under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, Phil Mahre rann 21 hundredels sekund fortare enn Steve Mahre. Dei la begge opp ved sesongslutt.
Kjelder |
Sportsboken, aktuelle årgangar
|