Peter Hallaråker Liv og gjerning | Utvalde verk | Kjelder |...

Multi tool use
Multi tool use


Fødde i 1933Døde i 2011EinskildmennNorske filologarFolk frå Bømlo


21. mars193327. mai2011BremnesVoldaSunnhordlandexamen artiumVoss landsgymnascand. philol.Universitetet i BergenfolkeminnevitskapMinnesotaUniversitetet i BolognaitalienskamanuensisdistriktshøgskuleWisconsinHøgskulen i Volda




Peter Samuel Hallaråker (21. mars 1933–27. mai 2011) var ein norskfilolog og namnegranskar frå Bremnes som var busett i Volda. Han er kjend for sitt arbeid med stadnamn, både som leiar av Stadnamnprosjektet i Møre Romsdal i eit tiår og som forfattar av teoriverk kring innsamling og publisering av stadnamn.



Liv og gjerning |


Hallaråker var frå Bremnes i Sunnhordland, der far hans var gardbrukar og fiskar. Han tok examen artium ved Voss landsgymnas i 1954 og vart cand. philol. ved Universitetet i Bergen i 1961, med norsk hovudfag, engelsk mellomfag og folkeminnevitskap grunnfag. 1964-65 studerte han engelsk ved University of Minnesota.


Frå hausten 1962 var Hallaråker tilsett som lektor i norsk ved Volda lærarskule. Åra 1966-68 underviste han i norsk ved Universitetet i Bologna, og lærde seg samstundes italiensk. Frå 1968 til -70 arbeidde han atter ved lærarskulen i Volda, tok så steget over i stilling som amanuensis i norsk språk ved den nyskipa Møre og Romsdal distriktshøgskule, også i Volda. Med unnatak for året 1978-79, då han underviste ved University of Wisconsin, arbeidde Hallaråker her fram til 2000. Frå 1994 heitte arbeidsstaden elles Høgskulen i Volda, då distriktshøgskulen og lærarskulen vart slått saman.


I 1983 kom Norwegian Nynorsk: An Introduction for Foreign Students ut, ei lærebok om nynorsk for utanlandske studentar. Dette emnet tok Hallaråker seinare for seg i fleire bøker og artiklar.


Hallaråker var i perioden 1985-95 leiar for «Stadnamnprosjektet» i Møre og Romsdal, i regi av Møreforsking. Omkring 200 000 stadnamn frå alle dei dåverande 38 kommunane i fylket vart samla inn. Prosjektet vart summert opp i Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking, ei handbok om namneinnsamling som kom ut i 1997, og som er Hallaråker si mest kjende bok.
Innanfor namnegranskinga interesserte han seg elles særleg for vegnamn, og i 2006 kom oppslagsverket Vegar og namn. Veg- og gatenamnleksikon for Møre og Romsdal. Han skreiv i alt ti bøker og mange vitskaplege artiklar om stadnamn og nynorsk.


Hallaråker hadde fleire fagpolitiske verv. Han representerte også Venstre i Volda kommunestyre, ein periode var han med i formannskapet.



Utvalde verk |




  • Skjergardsnamn frå Bremnes (1976)


  • The Nynorsk Language in the United States (1991)


  • Stadnamn i Møre og Romsdal. Innsamling, teori, metode og formidling (1995)


  • Innføring i stadnamn. Innsamling og gransking (1997)


  • Vegar og namn. Veg- og gatenamnleksikon for Møre og Romsdal (2006)


  • Ei tid var. Dokumentsamling frå Bømlo 1668-1905 (2010)



Kjelder |


  • Leif Ramsdal og Jon Tvinnereim: Minneord om Peter Hallaråker i Voldaminne Årsskrift 2011, Volda 2011




fjUGqmpM,B7MuJHbu m6FY,N4YGs GI,KGmpzCotZ73 hG24MvNSk33 aQOcMn8w4tlwH8LGffa31wHZxEZ6ejFnz7J5V
Fg,530SgJZ1DIrWHaYIBFqsp3nmXvi NYH21

Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Are there clean alien movies?Are there humanoid aliens that have fewer facial characteristics rather than...