Simonetta Sommaruga Bakgrunnsstoff | Kjelder | NavigasjonsmenySimonetta SommarugaSimonetta SommarugaDie...
Fødde i 1960EinskildkvinnerSveitsiske politikarar
Det sosialdemokratiske partiet i Sveitsdet sveitsiske forbundsrådetZugSveitsSinsAargauImmenseeSchwyzpianistutdanningLuzernSan FranciscoRomaengelskromanistikkUniversitetet i FribourgSwissaidBernKönizDet sveitsiske nasjonalrådetDet sveitsiske forbundsrådetMoritz LeuenbergerSpiegelBernCornelio Sommaruga
Simonetta Sommaruga (fødd 14. mai 1960) er ein sveitsisk politikar for Det sosialdemokratiske partiet i Sveits. Ho er medlem av det sveitsiske forbundsrådet, den føderale regjeringa i Sveits, der ho er er justis- og politiminister.
Sommaruga er fødd i Zug sentralt i Sveits og voks opp i Sins i Aargau. Ho tok vidaregåande utdanning i Immensee i Schwyz og pianistutdanning i Luzern, San Francisco og Roma. Frå 1988 til 1991 studerte ho engelsk og romanistikk ved Universitetet i Fribourg.
Frå 1993 til 1999 var Sommaruga leiar ofr den sveitsiske forbrukarstiftinga, Stiftung für Konsumentenschutz. Frå 1999 var ho president for stiftinga. I 2003 blei ho president for den sveitsiske hjelpeorganisasjonen Swissaid.
Simonetta Sommaruga byrja si politiske karriere som medlem av kantonparlamentet i Bern. Ho sat i dette storrådet for Bern frå 1981 til 1990. Frå 1998 til 2005 var ho medlem av kommunestyret i Köniz. I 1999 blei Sommaruga valt inn i Det sveitsiske nasjonalrådet og i 2003 til overkammeret, Stenderrådet, som representant for kantonen Bern. I 2010 blei ho vald inn i Det sveitsiske forbundsrådet etter Moritz Leuenberger. Med dette var fire av sju representantar i rådet kvinner.
Sommaruga er gift med forfattaren Lukas Hartmann (pseudonym for Hans-Rudolf Lehmann), som har tre born frå eit tidlegare forhold. Ekteparet er busett i Spiegel nær Bern. Simonetta er ein fjern slektning av den framtredande sveitsiske advokaten og diplomaten Cornelio Sommaruga.
Bakgrunnsstoff |
Kjelder |
Simonetta Sommaruga, VIP-Lexikon, schweizer-illustrierte.ch
Simonetta Sommaruga ved Munzinger Archiv, munzinger.de
Die beliebte Bernerin – ein Übermensch?, blick.ch
- Denne artikkelen bygger på «Simonetta Sommaruga» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mars 2013.
|