Lappugle Innhaldsliste Utsjånad | Utbreiing | Hekking og biotop | Føde | Kjelder | Bakgrunnsstoff...


UglerFuglar i Noreg


LappugleuglehubroenIrisLake SuperiorSkandinaviaAsiastandfuglarSierra NevadaCaliforniaNoregFinlandRusslandSverigeegggnagarar



































Lappugle



Lappugle
Lappugle



Systematikk

Rike:

Animalia

Rekkje:

Chordata

Klasse:

Aves

Orden:

Strigiformes
Familie:
Strigidae
Slekt:
Strix

Vitskapleg namn
Strix nebulosa

Forster, 1772



Strix nebulosa (Chouette lapone) - 393.jpg


Lappugla (Strix nebulosa) er ei ugle som er nesten like stor som hubroen.




Innhaldsliste






  • 1 Utsjånad


  • 2 Utbreiing


    • 2.1 Førekomst i Noreg




  • 3 Hekking og biotop


  • 4 Føde


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Utsjånad |


Lappugla har store oskegrå ringar rundt auga, med konsentriske brune strekar og ein halvmåneforma svart bylgjeforma flekk som er avgrensa av kvitt mellom auga og nebbet. Dette partiet er omgjeve av fjør med gule og svarte striper. Iris er gul. Kroppen er oskegrå på oversida, med svartbrune langsgåande flekkar samt brune og gulaktige tverrbylgjer. Framme på brystet og på framsida av halsen er ugla lyst rustgrå med brune langsgåande flekkar og bylgjeaktige tverrlinjer. Nedre del av brystet og magen er kvite, med brune langsgåande flekkar, men utan bylgjer. Stjerten er lang og gråbrun, med fem til seks breie, gråsprengte tverrband. Vengane er mørkebrune med kvite tverrband isprengt rustgult og svart. Fuglen er 60-70 cm lang og vengespennet 135-160 cm. Hoa er større enn hannen. Hoa manglar den gulaktige fargen på oversida og på undersida er ho kvitaktig med brunaktige langsgåande flekkar. På sidene av brystet er desse flekkane vatra i forma.



Utbreiing |


Lappugla har ei nesten sirkumpolar utbreiing. Ho hekkar i Nord-Amerika, frå Lake Superior til Alaska sin stillehavskyst, og frå Skandinavia austover tvers gjennom heile det nordlege Asia. Lappuglene er standfuglar men flyttar sørover når det er lite mat å finne, men då berre når dei finn mykje smågnagarar lengre sør. Ein liten populasjon på mindre enn 100 individ hekkar i Sierra Nevada i California. Dette er den sørlegaste hekkebestanden av denne arten.



Førekomst i Noreg |


Lappugla er sjeldan i Noreg. På grunn av det nomadiske leveviset finst det ikkje nokon norsk bestand, men heller ein sams bestand for Skandinavia, Finland og Russland. I Noreg hekkar kanskje berre ti par sjølv i gode år. Desse finst helst i Nord-Noreg og då gjerne i aust. Men også i Sør-Noreg er lappugla funna hekkande. I Noreg er det for få lappugler til at det går an å seie noko om endringar i bestanden, men i Sverige har ugla hatt ein ekspansjon.



Hekking og biotop |


Lappuglene hekkar i nærleiken av opningar inne i tette barskogar. Dei bygg ikkje reir men hekkar ofte i gamle reir frå andre store fuglar, oftast rovfuglreir. Dei hekkar også i toppen av avbrotne tre eller i holrom i tre. Hoa legg ofte fire egg.



Føde |


Lappugla lever hovudsakleg av små gnagarar.



Kjelder |



  • Delar av artikkelen er henta frå svensk wikipedia, som har henta stoff frå den engelske wikipedia.

  • Norsk Fugleatlas, 1994.



Bakgrunnsstoff |


  • Sveriges Ornitologiska Förening



Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Lappugle





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...