Wilkes Land Geologi | Wilkes Land i populærkulturen | Kjelder | NavigasjonsmenyComposite Gazetteer of...


Wilkes LandAustralsk Antarktis


det antarktiske kontintentetAustraliaAntarktisAustralsk AntarktisCharles WilkesamerikanskeQueen Mary CoastAdelie LandIndiahavetSørpolenOperasjon HighjumpOperasjon WindmillAustralian National Antarctic Research ExpeditionsRalph von FreseLaramie PottsGRACEWilkes Land-krateret






Kart over Antarktis, med Wilkes Land til høyre


Wilkes Land er eit stort landområde i den austre delen av det antarktiske kontintentet og inngår i kravområdet Australia i Antarktis, Australsk Antarktis. Området er oppkalla etter løytnant, seinare kontreadmiral Charles Wilkes, som leia den amerikanske antarktisekspedisjonen 1838–1842 og observerte land fleire stader i denne sektoren.


Området strekkjer seg frå Queen Mary Coast i vest ved 100°28' A til Adelie Land i aust ved 136° A, og havet utanfor kysten av Wilkes Land grensar mot Indiahavet. Området strekkjer seg som ein sektor heilt inn til Sørpolen og har eit areal på om lag 2 000 000 km², der det meste ligg under is. Området er delt inn i følgjande sektorar:




  • Knox Land: 100°28' A til 109°16' A


  • Budd Land: 109°16' A til 115°33' A


  • Sabrina Land: 115°33' A til 122°05' A


  • Banzare Land: 122°05' A til 130°10' A


  • Clarie Land: (Wilkes Coast) 130°10' A til 136° A


Kystlinja vart undersøkt og kartlagt av Operasjon Highjump 1946–1947, Operasjon Windmill 1947–1948, Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) 1956–1960 og sovjetiske antarktisekspedisjonar 1956–1959.



Geologi |


I 2006 gjorde eit forskarlag leia av Ralph von Frese og Laramie Potts gravitasjonsmålingar ved hjelp av NASA-satelittane GRACE og oppdaga det nesten 500 km breie Wilkes Land-krateret, som truleg vart skapt kring 250 millionar år sidan.[1]



Wilkes Land i populærkulturen |


  • Wilkes Land vert mykje nytta som åstad i filmen The X-Files frå 1998. Fox Mulder reiser til Antarktis for å redde partnaren Dana Scully, som vert heldt til fange her.


Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Wilkes Land» frå Wikipedia på bokmål, den 5. august 2011.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:



  • Composite Gazetteer of Antarctia. Den vitenskapelige komite for antarktisforskning (SCAR)





  1. Gorder, Pam Frost (June 1, 2006). «Big Bang in Antarctic — Killer Crater Found Under Ice». Research News. 





Koordinatar: 69°00′S 120°00′E





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...