Andromeda Innhaldsliste Soge | Namn | Kjelder | Litteratur | Navigasjonsmenybehindthename.com


Menneske i gresk mytologi


gresk mytologiKefevsKassiopeiafønikiskePoseidongorgonenMedusaArgosMykenepersaraneAthenestjernebiletetSofoklesEvripidesPierre Corneilletragediar.latinisertegreskestjernebiletet AndromedaAndromedagalaksenAndromedidaneMount Andromeda på Sør-Sandwichøyane






Andromeda, Kefevs og sjømonsteret (ketos) avbilda på ein korintisk vase.


Andromeda var i gresk mytologi ein figur som var lenkja til ei klippe for å etast av eit sjømonster. Ho blei redda av Persevs som ho seinare gifta seg med.




Innhaldsliste






  • 1 Soge


  • 2 Namn


  • 3 Kjelder


  • 4 Litteratur





Soge |




Andromeda blir lenkja til klippa av nereidane (1840). Måleri av Chasseriau Theodore.


Andromeda var dotter av Kefevs og Kassiopeia, konge og dronning av det fønikiske kongedømet Etiopia. Kassiopeia hadde skrytt av å vera like vakker som nereidane, og fekk hemnen til Poseidon over seg. Sjøguden sende ein flaum og eit sjømonster som drap både menneske og dyr. Orakelet i Ammon sa at det ikkje ville finnast hjelp før kongen utsette dottera si Andromeda for monsteret, og difor blei ho lenkja til ei klippe ved kysten.


Då Persevs kom tilbake etter å ha drepe gorgonen Medusa fann han Andromeda. Persevs drap monstret, sette henne fri og gifta seg med henne, sjølv om ho var lova til Finevs. I bryllaupet fann det stad ein krangel mellom rivalane, og Finevs blei gjort om til ein stein då han fekk sjå hovudet til gorgonen.


Andromeda følgde mannen sin til Tiryns i Argos. Persevs og Andromeda hadde seks søner (perseidane, som har gjeve namn til meteorittsvermen Perseidane): Perses, Alkaios, Helevs, Mestor, Sthenelos og Elektryon. Dei hadde òg dottera Gorgofone. Etterkomarane deira herska over Mykene frå Elektryon til Eurystevs. Etter sistnemnde fekk Atrevs kongedømmet. Ifølgje denne mytologien er Persevs stamfar til persarane.


Etter at Andromeda døydde blei ho plassert blant stjernebileta i den nordlege stjernehimmelen av Athene, nær Persevs og Kassiopeia. Dette er kjend som stjernebiletet Andromeda. Dei antikke dramatikarane Sofokles og Evripides (og i nyare tider Pierre Corneille) gjorde forteljinga til emnet i tragediar. Forteljinga er òg visualisert i talrike antikke og seinare kunstverk.



Namn |


Andromeda er den latiniserte forma av det greske Ανδρομέδη (Andromedē). Tydinga av namnet er «å tenkja på ein mann» frå ανδρας (andros) «av mann», sett saman med μηδομαι (mēdomai), «å tenkja, å opptakast av» .[1]


Andromeda har gjeve namn til stjernebiletet Andromeda, Andromedagalaksen, meteorsvermen Andromedidane og fjellet Mount Andromeda på Sør-Sandwichøyane.



Kjelder |





  1. behindthename.com




  • Denne artikkelen bygger på «Andromeda» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juli 2016.



Litteratur |



  • Pseudo-Apollodorus: Bibliotheke II, iv, s. 3-5


  • Ovid: Metamorfoses IV, s. 668-764.

  • Edith Hamilton: Mythology, del tre, s. 204-207




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...