Andreas Wenzel Kjelder | NavigasjonsmenyVIAFNKC


EinskildmennFødde i 1958Liechtensteinske alpinistarDeltakarar under vinter-OL 1980Deltakarar under vinter-OL 1984


Liechtensteinverdscupen i alpine greiner 1980HanniVM i alpine greiner 1978Garmisch-PartenkirchenIngemar StenmarkVinter-OL 1980Lake Placidsvenskeolympiske leikane 1984SarajevoKitzbühel
















Andreas Wenzel

Andreas Wenzel.JPG

Fødd
18. mars 1958
Planken
Yrke
alpinist

Andreas Wenzel (fødd 18. mars 1958) er ein tidlegare alpin skirennar frå Planken i Liechtenstein som vann verdscupen i alpine greiner 1980 og tok to OL-medaljar i storslalåm, samt tre VM-medaljar i to ulike øvingar i tida 1978-84. Også systrene hans, Hanni og Petra Wenzel, høyrde til verdseliten i alpin skiidrett i 1970- og 1980-åra.



Aktiv |


Vinteren 1978 vann Wenzel to storslalåmrenn i verdscupen i alpine greiner. Mellom dei to verdscupsigrane deltok han i VM i alpine greiner 1978 i Garmisch-Partenkirchen, der han fyrst tok sølvmedaljen i storslalåm bakom suverene Ingemar Stenmark og deretter vann kombinasjonsøvinga.


Wenzel vann ein ny sølvmedalje i storslalåm under Vinter-OL 1980 i Lake Placid, endå ein gong vart svenske Stenmark for sterk. Også i kombinasjonen kom Wenzel på andreplass, men sidan den øvinga ikkje stod på OL-programmet men gjaldt som VM-øving, reiste han frå Lake Placid med både ein OL-sølv og ein VM-sølv. Med tre rennsigrar i verdscupen i tre ulike greiner vinteren 1980 og jamt gode plasseringar elles, gjekk han heilt til topps i verdscupen i alpine greiner 1980.


Etter nokre litt svakare sesongar kom Wenzel tilbake i OL-sesongen 1984 med fire sigrar i verdscupen. Under dei olympiske leikane 1984 i Sarajevo vann han bronsemedaljen i storslalåm.


Den 13. januar 1985 vann han kombinasjonen i Hahnenkamm-renna i Kitzbühel og tok sin 14. og siste siger i eit verdscuprenn. Seks av sigrane kom i kombinasjonsøvinga, fire i slalåm, to i storslalåm og ein i super-G. I alt stod han 47 gongar på pallen etter verdscuprenn.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


  • Denne artikkelen bygger på «Andreas Wenzel» frå Wikipedia på tysk, den 14. desember 2014.





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...