Sundbreien Navigasjonsmeny


Norske slåttar


HallingdalValdresVossJørn HilmeSundbreiVossBreievaldetstrandaspeletTorleiv BolstadJørn HilmeheksenejonsokeftanOla BøeBloksberghardingfeleverketIsak RokneOla MosafinnAnders Sagen




Springaren Sundbreien, som og er kalla Heksedansen eller Epleskjularen, er mykje nytta i Hallingdal og Valdres. Det er og skriven ned ei nærskyldt form av slåtten på Voss. Eit anna namn på slåtten i Valdres er Kjeglesmeden. Slåtten skal ha vore nytta av Jørn Hilme. Sundbrei er ein gard i Voss, høyrande under Breievaldet lengst nord i kommunen. Slåtten skal ha namnet sitt etter ein dansar frå denne garden. I Hallingdal er slåtten knytt til strandaspelet. Torleiv Bolstad meinte slåtten var laga av Jørn Hilme. Kjeglesmeden var ein kar som egla seg inn på han Jørn, fortalde Olav Moe, og Hilmin svara med å spela denne slåtten, som før hadde hatt eit anna namn. Medan han spela, tok eit drammeglas til å krype bortetter bordet han sat ved, og dette skremde Kjeglesmeden slik at han tok til gråten. Sidan hadde slåtten namn etter han.


Om Heksedansen kunne Olav Moe fortelja at Hekkenfjell var den staden heksene samla seg jonsokeftan. Ola Bøe sa ein gong han hadde «leita over heile Valdres, men enno ikkje funne noko fjell med det namnet». Hekkenfjell svarar vel til Bloksberg.



Variantgruppa |


Hovudgruppa har nr 473 i hardingfeleverket. Varianten etter Isak Rokne, skriven ned etter Ola Mosafinn har nr 108. Det finst og ein variant frå Sogn, etter Anders Sagen.


  • 108: Springar, etter Ola Mosafinn [1]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908. Mosafinn hadde slåtten frå Isak Rokne.

  • 309: Springar, etter Anders Sagen, Vik i Sogn [2]. Nedskrift Arne Bjørndal (Bjørndal gamle slåttar hefte 1 nr 3). Sagen hadde slåtten etter Jens Fresvik eller Skrangle-Jens, frå Leikanger i Sogn (lært bort i 1850).

473:


  • a: Sundbreien, etter Sevat Sataøen, Ål. Nedskrift Eivind Groven 1962 (G 1436, NRK magn. 1898). Sataøen hadde slåtten frå Ola A. Strand i Ål.

  • b: Sundbreien, etter Kristian Øvrevollseie, Hol. Nedskrift Sven Nyhus 1975. Øvrevollseie hadde slåtten etter Eivind Hollebakken frå Ål.

  • c: Heksedansen, etter Ola Bøe, Vestre Slidre. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Slåtten var og nytta av Olav Moe. Ola Bøe lærte slåtten av far sin, Per Bøe, og av Olav Moe. Det fulle namnet på slåtten er Heksedansen på Hekkenfjell.

  • d: Springar etter Ola Mosafinn, etter Anders S. Kjerland, Granvin. Nedskrift Sven Nyhus 1974. Variant av nr 108.

  • e: Meisterstykket, etter Herbrand Hagen, Nore. Nedskrift Eivind Groven 1922. Hagen hadde slåtten frå felemakar A. C. Kleven i Krødsherad. Han hadde i sin tur fått slåtten frå spelemenn i Valdres.



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...