Ivan Ukhov Karriere | Kjelder | Navigasjonsmeny


Fødde i 1986Olympiske meistrar for RusslandRussiske høgdehoppararDeltakarar under sommar-OL 2012Russiske deltakarar under sommar-OL 2012Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012


russiskJavier SotomayorKaunasTorinoDohaEM i friidrett 2010BarcelonaAleksandr SjustovIstanbulsommar-OL 2012London






Ivan Ukhov tevlar i Doha i 2010.


Ivan Sergejevitsj Ukhov (fødd 29. mars 1986 i Tsjeljabinsk) er ein russisk høgdehoppar. Han vart olympisk meister i øvinga i 2012. Hans personlege rekord er på 2,40 m; 5 cm under verdsrekorden til Javier Sotomayor.



Karriere |


Ukhov konkurrerte tidlegare i diskoskasting, men bytta i 2005 til høgdehopp, og vart junior-europameister i Kaunas med eit hopp på 2,23 m. Gjennom 2005-sesongen forbetra han seg frå 2,10 m til 2,30 m. I 2006 oppnådde Ukhov ein personleg rekord på 2,33 meter. Han hoppa så 2,39 innandørs i Moskva den 28. januar 2007.


I 2009 vann han gull i innandørs-EM i friidrett Torino med eit hopp på 2,32 m. Elles i innandørssesongen 2009 hoppa han i Aten 25. februar 2,40 m, ny russisk rekord og årsbeste i verda. Den 25. juli 2009, under det russiske meisterskapen i Tsjeboksary, svinga han seg over 2,35 m og vart russisk meister med personleg utandørsrekord.


I 2010 sigra Ukhov i VM innandørs i Doha, gullmedaljen vann han etter eit hopp på 2,36 m.
Ukhov deltok under EM i friidrett 2010 i Barcelona. Her hoppa han 2,31 m og tok sølvmedaljen, overgått av landsmannen Aleksandr Sjustov med to centimeter. Han var likevel den klart beste høgdehoppararn gjennom sesongen, noko han stadfesta med å vinne i fire av sju Diamond League-stemne.


I 2011 vann Ukhov gull under innandørs-EM i friidrett, då han vart den einaste som hoppa over 2,38 m. Under innandørs-VM i friidrett i Istanbul året etter greidde han bronsemedaljen.


Ivan Ukhov OL-debuterte under sommar-OL 2012 i London. Her vann han olympisk gull då han var den einaste som hoppa over 2,38 m. I 2014 fekk han bronsemedaljen under EM i Zürich.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • EM 2006 i Göteborg: Nr 12 – 2,20 m


  • VM 2009 i Berlin: Nr 10 – 2,23 m


  • EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje – 2,31 m, bakom Aleksandr Sjustov (2,33 m)


  • VM 2011 i Daegu: Nr 5 – 2,32 m


  • OL 2012 i London: Gullmedalje – 2,38 m, framom Erik Kynard (2,33 m)


  • VM 2013 i Moskva: Nr 4 – 2,35 m


  • EM 2014 i Zürich: Bronsemedalje – 2,30 m



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Ivan Ukhov» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2012.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...