Harris i Ytre Hebridane Bakgrunnsstoff | Kjelder | Navigasjonsmeny57°54′12″ N 6°48′12″...


Øyar i Ytre HebridaneHarris


skotsk gæliskLewis og HarrisHebridaneSkottlandhéraðurnordiskøykm²Dei britiske øyaneStorbritanniaIrlandLewisLoch ReasortLoch ShiphoirteidetTarbertRodelLeverburghmeter over havetClishamytre Hebridane















































(Isle of) Harris
Lokalt namn: Na Hearadh
Geografi




Harris i Ytre Hebridane is located in









Stad
Atlanterhavet
Koordinatar
57°54′12″ N 6°48′12″ WKoordinatar: 57°54′12″ N 6°48′12″ W
Øygruppe
Ytre Hebridane




Areal 401 km²





Høgaste punkt
Clisham (799 moh.)



Administrasjon
Land
Skottland
Region
Ytre Hebridane





Demografi
Folketal 1 984 (2001)
Folketettleik 4,9 /km²

Harris (skotsk gælisk Na Hearadh) er den sørlege delen av øya Lewis og Harris, som er den største øya i Hebridane på vestkysten av Skottland.


Harris er truleg øya Adru (som tyder den store eller sterke) på Klaudios Ptolemaois (90-168 e.Kr.) sitt kart over dei britiske øyane. På norrønt var hérað eit administrativt distrikt, og namnet kan komma frå dette (herad kjem av urnordisk *harja-raiðō - hær-område) [1]. Eit anna mogleg opphav er norrønt hárri, som tyder "høgare" - i motsetnad til det mykje flatare Lewis i nord. Dei fleste stadnamna på Harris er norrøne, gjort om til skotsk-gæliske former. Trass i at Harris ofte vert omtalt som Isle of Harris (øya Harris), er det altså ikkje ei eiga øy etter geografisk definisjon.




Strand på sørsida av Harris.





Clisham, det høgaste fjellet på Harris.


Harris omfattar vel ein fjerdedel (ca 400 km²) av Lewis og Harris, som er den tredje største av Dei britiske øyane etter Storbritannia og Irland. Den nordlege og største delen heiter Lewis. Grensa mellom Harris og Lewis går frå botn av fjorden Loch Reasort på vestkysten til fjorden Loch Shiphoirt på austkysten.


Harris vert òg delt i ein nordleg og sørleg del, ved det smale eidet ved Tarbert. Tarbert er òg den største landsbyen på Harris. Ved folketeljinga i 2001 hadde Harris 1 984 innbyggjarar.[2] Andre større tettstader er Rodel og Leverburgh.


Harris, og då særleg den nordlege delen, består for det meste av fjellandskap, med 30 topper som er over 300 meter over havet. Det høgaste fjellet er Clisham som er 799 moh. Dette er òg det høgaste fjellet på dei ytre Hebridane.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Harris (Hebridene)» frå Wikipedia på bokmål, den 26. februar 2010.




  1. http://en.wikipedia.org/wiki/Hundred_(county_subdivision)


  2. Comhairle nan Eilean Siar. «Island Populations» (engelsk.). Henta 26. februar 2010. 




















Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...