Tidslinje over norsk historie Innhaldsliste Frå eldre steinalder til vikingtida | Vikingtida (ca....


Norsk historie


Noreg




Tidslinje over norsk historie tek for seg viktige tidspunkt og hendingar som kan knytast til det området Noreg utgjer i dag.




Innhaldsliste






  • 1 Frå eldre steinalder til vikingtida


  • 2 Vikingtida (ca. 800-1066)


  • 3 Mellomalderen 1066-1536


  • 4 1536-1814


  • 5 1814-1905


  • 6 1905-1940


  • 7 Okkupasjonstida 1940-45


  • 8 1945 til i dag


  • 9 Fotnotar





Frå eldre steinalder til vikingtida |



  • 10.000-4000 f.Kr. Eldre steinalder. Folk lever av jakt, fangst og fiske. Veideristningar.

  • 10.500 f.Kr. Blomvåg-funnet i Øygarden kommune. Dei eldste sannsynlege spora etter menneske. – Kyststrøka er blitt isfrie. Funn avkrefta som spor etter menneske.

  • 9500 f.Kr. Sarnes-funnet på Magerøya i Finnmark. Dei eldste sikre spora etter menneske.

  • 9000 f.Kr. Rennesøy-funnet i Rogaland. Dei eldste sikre spora etter ein buplass.

  • 9000 - 8000 f.Kr. Ein ny isbre dekkjer det meste av landet.

  • 8000 f.Kr Klimaet blir varmare. Samanhengande busetnad i heile landet. Komsakultur i nord, fosnakultur i sør.

  • 7000-4000 f.Kr. Nøstvetkultur. Slipte økser. – Grønstein-brot på Hespriholmen ved Bømlo, Noregs første industriverksemd.

  • 4200-3600 f.Kr. Helleristningane i Alta.

  • 4000 f.Kr. Jegerfolka i nord tek i bruk keramikk og reiskapar av skifer.

  • 4000-1800 f.Kr. Yngre steinalder. Jordbrukskultur breier seg i Sør-Noreg.

  • 2000 f.Kr. Jordbruket hovudnæring i Sør-Noreg. Dei første gardane.

  • 1800-500 f.Kr. Bronsealderen. Lagdelt samfunn med mektig høvdingklasse. Store gravrøyser. – Jordbruksristningar. – Havgåande båtar med padleårar.

  • 500 f.Kr.-0 Keltisk jernalder. – Kjølegare klima. – Keltarane gjev oss kunnskapen om jernet. – Gardstun med langhus. – Dei døde blir brende.

  • ca. 500 f.Kr. Eldste spor etter samisk busetnad.

  • ca. 325 f.Kr. Pyteas frå Massilia (Marseilles) skildrar ei reise til Thule (truleg Nord-Noreg).

  • 0-400 e.Kr. Romersk jernalder. Samfunnet blir på nytt meir lagdelt, høvdingdømme veks fram. Rike gravfunn.

  • ca. 100 Tacitus skildrar folket «fenni», som bur lengst mot nord (truleg samar).

  • ca. 200 Stabu-innskrifta frå Toten. Truleg den eldste innskrifta på urnordisk språk.

  • 400-600 Folkevandringstida. Bygdeborger. Store gravhaugar.

  • 500-800 Synkopetida. Språket endrar seg frå urnordisk til norrønt.

  • 542 Den justinianske pesten, rammar truleg også Noreg. Nedgang i folketalet.

  • ca. 550 Jordanes omtalar dei norske stammene ranrikingar, romerikingar, grenar, egder, øyryger, adalryger, hordar og raumar. – Prokopios skildrar øya Thule og folka som bur der.

  • 600-800 Merovingartida. Vikingskipet blir utvikla.



Vikingtida (ca. 800-1066) |



  • 793 Vikingar plyndrar klosteret på den engelske øya Lindisfarne.

  • 813 Vestfoldingar gjer opprør mot etterkomarane etter danekongen Godtfred, men blir slått ned.

  • 838 Norske vikingar tek til å overvintra i Irland.

  • ca. 858 Halvdan Svarte går gjennom isen på Randsfjorden og druknar.

  • 870-930 Landnåmstida på Island.

  • ca. 872 Harald Hårfagre slår småkongane ved Hafrsfjord og blir den første rikskongen.[1] Set årmenn til å styra kongsgardane, som blir spira til krongodset. Vestlandet er hovudbasisen hans.

  • ca. 880 Ottar frå Hålogaland gjestar kong Alfred av England og fortel om reisene sine.

  • ca. 924 Harald sender sonen Håkon til oppfostring hos kong Adalstein av England.

  • ca. 932 Harald døyr og sonen Eirik Blodøks blir konge.

  • ca. 934 Eirik rømjer frå landet. Håkon den gode (Adalsteinfostre) blir konge. – Håkon gjer Gulatinget og Frostatinget om til representasjonsting og byggjer ut leidangen.

  • ca. 961 Håkon den gode døyr etter slaget på Fitjar mot Eirikssønene, som er støtta av danskekongen Harald Blåtann.

  • 980-åra Eirik Raude, opphavleg frå Rogaland, startar den norrøne busetjinga på Grønland.

  • 995 Olav Tryggvason blir konge i Noreg. Grunnlegg den første kyrkja på Moster og startar kristninga av landet.

  • 1000 Leiv Eiriksson reiser frå Grønland til «Vinland» (truleg Newfoundland). – Alltinget på Island vedtar kristendommen etter press frå Olav Tryggvason. – Olav Tryggvason fell i slaget ved Svolder.

  • 1015 Olav Haraldsson (den heilage) blir konge i Noreg. Styrkjer årmennene og knyter til seg mektige menn som lendmenn.

  • 1024 Mostratinget. Olav kallar saman eit riks- og kyrkjemøte på Moster der ei rekkje reglar for kristenhaldet blir slått fast. Den norrøne gudstrua blir forboden.

  • 1027 Olav let drepa Erling Skjalgsson, den mektigaste mannen på Vestlandet.

  • 1028 Olav rømjer til Gardarike etter at danskekongen Knut den mektige gjer krav på Noreg.

  • 1030 Olav fell på Stiklestad (29/7). Svein Alfivason styrer Noreg på vegne av faren Knut den mektige.

  • 1031 Liket av Olav blir grave opp og lagt i eit skrin i Klemenskyrkja i Nidaros. Han blir kåra til helgen og blir snart dyrka som «Noregs evige konge».

  • 1035 Kalv Arnesson og Einar Tambarskjelve hentar Magnus Olavsson heim frå Gardarike. Han blir teken til konge.

  • 1066 Harald Hardråde fell ved Stamford bru i England.



Mellomalderen 1066-1536 |



  • 1130 Borgarkrigstida tek til.

  • 1152 Nidaros blir erkebispesete.

  • 1163 Magnus Erlingsson blir krona til konge. Første kongekroninga i Norden.

  • 1241 Snorre Sturlason blir drepen på oppdrag frå kong Håkon Håkonsson.

  • 1260-åra Island og Grønland kjem under den norske krona.

  • 1274 Magnus Lagabøtes landslov.

  • 1319-1343 Svensk-norsk union markerer byrjinga på unionstida.

  • 1349 Svartedauden kjem til Noreg.

  • 1380-1814 Noreg og Danmark i union.

  • 1397 Kalmarunionen mellom Danmark, Sverige og Noreg, etter initiativ frå dronning Margreta.

  • ca. 1450 Reisene til Grønland tek slutt.



1536-1814 |



  • 1536-37 Reformasjonen blir innført i Noreg.

  • 1645 Freden i Brømsebro.

  • 1660 Freden i København. – Eineveldet blir innført i Danmark-Noreg.

  • 1807 «Flåteranet» i København fører Danmark-Noreg inn på fransk side i Napoleons-krigane.

  • 1811 Universitet i Kristiania.



1814-1905 |



  • 1814 Noreg får eiga grunnlov. Union med Sverige.

  • 1837 Formannskapslovene. Kommunalt sjølvstyre.

  • 1840-åra Tekstilindustri ved Akerselva og rundt Bergen. – «Det nasjonale gjennombrotet», innsamling av folkedikting, folketonar, dialektar med meir.

  • 1848-51 Thrane-rørsla krev allmenn røysterett og betre kår for underklassen. Leiarane fengsla.

  • 1854 Eidsvoll-banen, den første jernbanen.

  • 1860 Lov om allmugeskule på landet.

  • 1860-åra Masseutvandringa til Amerika tek til.

  • 1875-1890 «Det moderne gjennombrotet». Realisme og naturalisme i kunst og dikting.

  • 1881 Trelastarbeidarane i Drammen streikar. Ein ung gut blir drepen i samanstøyt med soldatar (24/6).

  • 1884 Parlamentarisme. – Venstre og Høgre blir skipa.

  • 1885 Landsmål og riksmål blir jamstilte.

  • 1887 Det norske arbeidarpartiet (DNA eller Ap) blir skipa.

  • 1889 Lov om folkeskule. – Fyrstikkarbeidar-streiken.

  • 1892 Lov om barnearbeid. Fabrikkinspektørar.

  • 1894 Lov om ulykkestrygd for industriarbeidarar.

  • 1896 Første kinoframsyninga.

  • 1898 Allmen røysterett for menn.

  • 1899 Landsorganisasjonen (LO) blir skipa.

  • 1900 Norsk Arbeidsgiverforbund (NAF, i dag NHO) blir skipa.

  • 1904 Det norske Aktieselskap for elektro-kemisk Industri startar salpeterproduksjon på Notodden.



1905-1940 |



  • 1905 Noreg går ut av unionen med Sverige. Håkon 7. blir konge.

  • 1907 Riksmålet blir reformert og skil lag med dansk rettskriving.

  • 1908 Menighetsfakultetet blir skipa i Kristiania.

  • 1909 Konsesjonslovene.

  • 1911 Roald Amundsen når Sørpolen.

  • 1913 Allmenn røysterett for kvinner.

  • 1914-1918 Første verdskrigen. Over 800 norske skip går tapt under den tyske ubåtkrigen. 2000 norske sjøfolk misser livet.

  • 1915 Dei «castbergske barnelovene» sikrar rettane til born fødd utanfor ekteskap.

  • 1916 Forbod mot sal av brennevin. (Oppheva ved folkerøysting 1926).

  • 1918 Over 7000 døyr i spanskesjuka. – Ei ny, revolusjonær retning vinn fleirtal på landsmøtet i Arbeidarpartiet.

  • 1919 Arbeidarpartiet melder seg inn i Komintern. – Lover om åtte timars arbeidsdag og ei vekes ferie med løn for industriarbeidarar. – Ny valordning som byggjer på forholdstalsprinsippet.

  • 1920-28 Paripolitikken fører til økonomiske vanskar for mange.

  • 1920 Bondepartiet (i dag Senterpartiet) skipa.

  • 1921 Høgrefløyen i Arbeidarpartiet bryt ut og skipar Norges Socialdemokratiske Parti. – Over 150.000 arbeidarar i streik.

  • 1922 Fritjof Nansen får Nobels fredspris.

  • 1923 Første radiosendinga. – Arbeidarpartiet går ut av Komintern. – Norges Kommunistiske Parti (NKP) skipa.

  • 1924 Arbeidernes Idrettsforbund (AIF) skipa. – Katti Anker Møller tek initiativ til det første mødrehygienekontoret i Oslo.

  • 1925 Norsk suverenitet over Svalbard.

  • 1927 «Tukthuslova» vernar streikebrytarar. – Samlingskongress der Arbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Parti og delar av NKP blir samde om eit felles program. – Arbeidarpartiet blir det største partiet på Stortinget.

  • 1928 Christopher Hornsrud skipar den første Arbeidarparti-regjeringa. Felt etter to veker.

  • 1931 Noreg okkuperer Aust-Grønland. – Storkonflikt i arbeidslivet. Menstad-slaget. – Skulefrukost blir innført i Oslo.

  • 1932 Legen Karl Evang gir ut bladet Tidsskrift for seksuell opplysning.

  • 1933 Nasjonal Samling og Kristeleg Folkeparti blir skipa.

  • 1934 Lov om sterilisering.

  • 1935 Arbeidarpartiet og Bondepartiet blir samde om eit kriseforlik. – Johan Nygårdsvold frå Arbeidarpartiet skipar regjering med støtte frå Bondepariet. – LO og NAF samde om ein hovudavtale.

  • 1936 Lov om alderstrygd.

  • 1938 Lov om arbeidsløysetrygd. – Råfisklova.

  • 1939 Andre verdskrigen. Både Frankrike, Storbritannia og Tyskland vurderer aksjonar i Noreg. – Norsk nøytralitet under sterkt press. – Vidkun Quisling vitjar Hitler i Berlin (desember).



Okkupasjonstida 1940-45 |



For meir om dette emnet, sjå Noreg under andre verdskrigen.



  • 1940 Storbritannia legg ut miner langs norskekysten (8/4). – Slagskipet «Blücher» blir senka ved Oscarsborg. Tyskland okkuperer Oslo og ei rekkje byar. Quisling gjer «radiokupp» (9/4). – Quisling trekkjer seg attende og blir avløyst av Administrasjonsrådet, som vert utnemnt av Høgsterett (15/4). – Felttoget mot okkupasjonsstyrkane varer i fire veker, 9/4-10/6. – Kongen og regjeringa flyktar til London (7/6). – Riksråds-forhandlingane (juni-september). – Rikskommisær Josef Terboven utnemner ei regjering som består av 10 NS-medlemmer og tre personar til. Alle andre parti blir forbodne. Administrasjonsrådet blir oppløyst (21/9).

  • 1942 Statsakta på Akershus. Qusling blir ministerpresident for ei NS-regjering (1/2). – Unntakstilstand i Trøndelag og på Helgeland. 34 personar blir skotne. – Den vesle bygda Telavåg på Sotra blir brend ned, alle menn sende til konsentrasjonsleir i Tyskland, der 31 døyr. – Norsk politi og NS-folk set i gang massearrestasjonar av norske jødar. 759 jødar blir sende til Auschwitz, 25 overlever.

  • 1944 Russarane frigjer Øst- Finnmark (Sør-Varanger) . Tyskarane tek i bruk «den brende jords taktikk».


  • 1945 Dei tyske styrkane kapitulerer (8/5). – Qusling blir dømd til døden for landssvik og skoten på Akershus festning (24/10). I alt blir 25 personar avretta for landssvik.


1945 til i dag |



  • 1945-1965 «Gerhardsen-perioden» (Arbeidarpartiet har regjeringsmakta i heile perioden minus 3 veker i 1963.)

  • 1945 Alle parti går til val på «Fellesprogrammet». – Kirsten Hansteen frå NKP blir Noregs første kvinnelege statsråd.

  • 1946 SAS skipa.

  • 1947 1. mai blir offentleg høgtidsdag og lovfesta fridag.

  • 1948 Stortinget vedtek å ta imot Marshall-hjelpa.

  • 1949 Noreg går med i forsvarsalliansen NATO.

  • 1950 Nord-Noreg-planen vedteken. Statsstøtte til bedrifter som vil slå seg ned i landsdelen.

  • 1952 Nordisk Råd skipa.

  • 1960 Distriktsutbyggingsfondet vart oppretta. – Noreg med i frihandelsorganisasjonen EFTA.

  • 1961 Sosialistisk Folkeparti (SF) blir skipa av utbrytarar frå Arbeidarpartiet. – Ingrid Bjerkås, den første kvinnelege presten, blir ordinert.

  • 1962 Norsk utviklingshjelp skipa.

  • 1963 Kings Bay-ulukka på Svalbard. – John Lyng frå Høgre skipar ei borgarleg koalisjonsregjering som blir felt etter tre veker.

  • 1965 Per Borten frå Senterpartiet skipar ei borgarleg koalisjonsregjering.

  • 1967 Folketrygda blir innført.

  • 1969 Dei første oljefunna på Ekofisk-feltet. – Obligatorisk niårig skule blir innført. – Ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti, SUF, bryt ut av partiet.

  • 1970 Nyfeministgrupper blir skipa. Kvinnefronten tek initiativ til 8. mars-tog.

  • 1972 Folkerøysting om norsk medlemskap i EF (i dag EU). Knapt nei-fleirtal.

  • 1973 SF, NKP og utbrytarar frå Ap skipar valsambandet Sosialistisk Valforbund. Etter at mange frå NKP gjekk ut, vart denne grupperinga til eit nytt parti, Sosialistisk Venstreparti. – Marxist-leninistane skipar Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistene) (AKP-ml) og stiller til val gjenom Raud Valallianse (RV), i dag partiet Raudt. – Anders Lange skipar Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter og avgifter (ALP), i dag Framstegspartiet (FRP).

  • 1977 Ukontrollert utblåsing på Ekofisk-feltet (Bravo-utblåsinga).

  • 1978 Lov om sjølvvald abort vedteken. Det første krisesenteret for mishandla kvinner oppretta i Oslo.

  • 1980 Bustadplattforma Alexander Kielland havarerer og 123 personar misser livet.

  • 1980-82 Strid om utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget.

  • 1981 Kåre Willock frå Høgre skipar regjering. Innleier ei høgre-bølge prega av nyliberalisme.

  • 1986 Gro Harlem Brundtland frå Arbeidarpartiet skipar regjering med åtte kvinnelege statsrådar.

  • 1988 Sametinget skipa.

  • 1994 Ny folkerøysting om norsk medlemskap i EU. Nei-sida sigra for andre gong.



Fotnotar |





  1. Etter Snorre si tidfesting. Fleire moderne historikarar har hevda at slaget må ha funne stad noko seinare.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...