Michał Andriolli Liv og gjerning | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyAndriollis teikningar til...


EinskildmennFødde i 1836Døde i 1893Polske kunstnarar


23. august1893Nałęczów2. november183623. august1893polskAdam MickiewiczVilniusLitauennapoleonskriganeMoskvasSt. PetersburgsRomaAccademia San LucajanuaroppstandenLondonPariskatorgaVjatkaWarszawaShakespeareJames Fenimore Cooper





















Michał Andriolli

Michal Elwiro Andriolli.jpg

Fødd
14. november 1836
Vilnius
Død

23. august 1893
Nałęczów


Yrke
arkitekt, kunstmålar

Michał Andriolli på Commons

Michał Elwiro Andriolli (2. november 1836–23. august 1893) var ein polsk målar og arkitekt. Han er særleg kjend for sine illustrasjonar av Adam Mickiewicz sine episke dikt Pan Tadeusz, og for sine villaer i Warszawas forstader. Han var fødd i Vilnius i dagens Litauen og døydde på kurstaden Nałęczów.



Liv og gjerning |


Andriolli var etterkomar av italienske immigrantar, som i kjølvatnet av napoleonskrigane slo seg ned i Polen. Andriolli studerte frå 1855 ved Moskvas skule for måleri og bilethogging. Han heldt 1858 fram studiet ved St. Petersburgs kunstkademi. Etter tilbakekomsten til Polen mottok han eit stipend som han i 1861 nytta til ei reise til Roma. I Roma heldt studiane fram ved Accademia San Luca.




Illustrasjon til Pan Tadeusz


Andriolli tok del i januaroppstanden i 1863, og flykta etter denne frå Polen. Han budde til å byrje med i London og så i Paris. I 1866 vende han tilbake til det tsar0styrte Polen, som utsending for polske emigrantar. Han vart arrestert og dømd, og deretter send til katorga (straffeleir) i Vjatka. Fyrst i 1871 vart han benåda. Han slo seg deretter ned i Warszawa, der han arbeidde som illustratør for ulike aviser.


Han vart ein av dei mest kjend polske illustratørane av si tid, og mottok mange oppdrag i å illustrere verk som var rekna for klassiske i polsk litteratur. Særleg kjende er illustrasjonane til Pan Tadeusz og Konrad Wallenrod. Desse laga han mellom 1879 og 1882. Mellom 1883 og 1886 budde Andriolli i Paris, der han illustrerte franske utgåver av verk av Shakespeare og James Fenimore Cooper.


Sine siste leveår tilbringa han i ein liten villa i nærleiken av Anielin ved elva Swider, ikkje langt frå Warszawa. Etter å ha teikna sin eigen villa, fekk Andriolli oppdrag å lage utkast til fleire villaer. Slik utvikla han ein karakteristisk arkitekturstil, som vart kalla Świdermajer og som kom til å prege fleire forstader av Warszawa.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Michał Elwiro Andriolli» frå Wikipedia på tysk, den 14. april 2010.



Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Michał Andriolli


  • Andriollis teikningar til Pan Tadeusz




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...