Quebec-toktet Kjelder | Navigasjonsmenye192082387The Border Wars of New England235873649°38′14″...


Sjøslag i den spanske arvefølgjekrigenFranske sjøslagBritiske sjøslagKonfliktar i 1711Ny-Frankrike


britiskQuébecDronning Anne-krigenden spanske arvefølgjekrigenSaint Lawrence-elvaadministrasjonenRobert HarleyHovenden WalkerJohn HillBostonprovinsen Massachusetts BayrormennsjøkartSaint Lawrence-buktaPointe-aux-Anglais









WalkerExpeditionMarker.jpg


Quebec-toktet eller Walker-toktet til Quebec var eit britisk forsøk på å angripe Québec i 1711 i Dronning Anne-krigen, den nordamerikanske delen av den spanske arvefølgjekrigen. Det mislukkast etter eit skipsforlis i Saint Lawrence-elva den 22. august 1711, då sju transportskip og eit lagerskip forliste og 850 soldatar drukna. Katastrofen var på denne tida ei av dei mest alvorlege sjøulukkene i britisk historie.


Toktet var planlagt av administrasjonen til Robert Harley, og basert på planar som opphavleg var lagt fram i 1708. Harley ønskte å utføre toktet som ein del av ei større endring i britisk militærpoiltikk, der dei skulle legge vekt på styrken deira til sjøs. Kommandanten for toktet, admiral Hovenden Walker og brigadegeneral John Hill, vart valt ut på den politiske ståstaden deira og sambanda deira til krona, og planane vart haldne hemmelege sjølv for admiralitetet. Trass i løyndomen klarte franske agentar å finne ut kva britiane planla og åtvare styresmaktene i Québec.


Toktet var venta å få alle forsyningar frå Boston, hovudstaden i provinsen Massachusetts Bay, men byen var ikkje førebudd då dei kom fram og styresmaktene måtte skrape saman forsyningar for tre månader. Admiral Walker hadde òg vanskar med å få tak i erfarne rormenn og nøyaktige sjøkart for å segle i farvatnet i nedre delen av Saint Lawrence. Toktet nådde Saint Lawrence-bukta utan vanskar, men tåke, vanskelege straumforhold og sterk vind gjorde at flåten dreiv mot nordsida av Saint Lawrence nær ein stad som i dag heiter Pointe-aux-Anglais, der skipa forliste. Etter katastrofen avbraut Walker toktet og reiste attende til England. Sjølv om toktet var mislukka, heldt Harley fram å realisere «blue water»-politikken sin.



Kjelder |





  • Denne artikkelen bygger på «Quebec Expedition» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2011.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Carr, James (2008). Seeds of Discontent: the Deep Roots of the American Revolution, 1650–1750. New York: Bloomsbury Publishing USA. ISBN 9780802715128. OCLC 192082387. 


  • Drake, Samuel Adams (1910) [1897]. The Border Wars of New England. New York: C. Scribner's Sons. OCLC 2358736. 



Koordinatar: 49°38′14″ N 67°10′17″ W







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...