Kaktus Kjelder | NavigasjonsmenyKaktusfamilienKaktusWorldCatGNDLCCNDyntaxaITISEOLNDL


KaktusarCaryophyllalesTakson namngjevne av Carl von Linné


Ein tungekaktus (Ferocactus) sør for Saltillo i Coahuila, nordaust i MexicosukkulentarstengelAmerikaMiddelhavetfikenkaktuskaktusfikenPlantecellene



























Kaktus



Ein tungekaktus (Ferocactus) sør for Saltillo i Coahuila, nordaust i Mexico
Ein tungekaktus (Ferocactus) sør for Saltillo i Coahuila, nordaust i Mexico



Systematikk

Rike:

Plantae

Rekkje:

Magnoliophyta

Klasse:

Magnoliopsida

Orden:

Caryophyllales

Vitskapleg namn
Cactaceae
Juss.


Kaktus er ei plante i kaktusfamilien (Cactaceae), som høyrer til ordenen Caryophyllales. Familien omfattar 90 planteslekter, og om lag 2000 særprega artar av blomsterplanter. Kaktusen er utbreidd i varme, tørre strøk.


Kaktusar er sukkulentar som lagrar vatn i stammen eller røtene. Alle kaktusar er sukkulentar, men ikkje alle sukkulentar er kaktusar – namnet kaktus vert nokre gonger brukt feilaktig om andre tjukke, saftige planter. Det som fyrst og fremst kjenneteiknar kaktusar er ein sylindrisk, høg og greinete eller kort og kuleforma stengel. Desse er gjerne omdanna til tjukke, saftige ledd som tilpassing til overleving i tørre strøk. Dei fleste kaktusane er tilsynelatande bladlause, for blada er reduserte til små skjelliknande danningar eller er omdanna til tornar. Nokre få (i slekta Pereskia) har normale blad og er bladfellande. Storleiken og forma på plantene varierer frå små piggeballar til treliknande stammar med høgd på over 3 meter.





Kjempekaktusen er godt kjend frå USA-amerikanske villvestfilmar.


Kaktus er særleg utbreidd i Amerika, men finst også rundt Middelhavet og i Aust-Afrika. Frå arten fikenkaktus (Opuntia ficus-indica) kjem den etande frukta kaktusfiken. Safta frå andre kaktustypar vert brukt som ingrediens i ulike sminke- og hudpleiemiddel.


Piggane som dekkjer overflata på kaktusen vernar han mot skadar frå eventuelle tørste dyr som kan finne på å forsyne seg av vasslageret.


Dei små og til dels mellomstore kaktusane er populære stoveplanter, men toler ikkje overvatning, for kaktusar døyr av for mykje vatn. Plantecellene trekk då til seg vatn til cellemembranane rivnar, og planta sluttar å transportere vatn frå røtene. Likevel vil celle etter celle verte smitta av naboen under, til heile planta er eit vasse skinn.



Kjelder |



  • «Kaktusfamilien» på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 25. januar 2010.

  • «Kaktus» av Henning Larsen hjå Store norske leksikon, innhenta 25. januar 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...