Tusenårsstad Innhaldsliste Fylkestusenårsstadene | Kommunetusenårsstadene | Bakgrunnsstoff |...


TusenårsstaderListerKulturminne i Noreg2000 i Noreg


2000-taletKultur- og kyrkjedepartementet2005unionsoppløysninga1905Kultur- og kyrkjedepartementetRogalandHarald HårfagredemokratiskestyringsformaPetter Dass-museetTusenårsskiftet-Norge 2000 ASunionsoppløysninga i 1905







Vardø var tusenårsstad for Finnmark.
Foto: Clemensfranz



I samband med markeringa av overgangen til 2000-talet vart det bestemt at fylka og kommunane skulle velje seg ut kvar sin fylkesvise/kommunale tusenårsstad.




Innhaldsliste






  • 1 Fylkestusenårsstadene


    • 1.1 Oversikt over fylkestusenårsstadene




  • 2 Kommunetusenårsstadene


  • 3 Bakgrunnsstoff





Fylkestusenårsstadene |


Utgangspunktet for Kultur- og kyrkjedepartementet, som står bak idéen om tusenårsstadene, var at det skulle vere ein tusenårsstad i kvart fylke, og at desse skulle vere på plass innan år 2005. Dette skulle også vere ein del av markeringa av hundreårsfeiringa for unionsoppløysninga i 1905.


Målet for fylkestusenårsstadene er å bidra til at anlegg, institusjonar, kulturmiljø, naturområde og liknande av stor historisk, kulturell eller miljømessig verdi blir teke vare på og markerte på ein særskilt måte.





Avaldsnes kyrkje på Karmøy er ein del av rogalandstusenårsstaden Avaldsnes
Foto: Christian Bickel



Tusenårsstadene skal ha ei nasjonal, kulturell og miljømessig betydning som peikar ut over det enkelte fylke. Dette målet seier noko om kva som gjer ein stad til tusenårsstad i fylket og kvifor ein ynskjer å gje staden denne statusen.


Retningslinene for å velje stad vart fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet og det blei også gitt statleg støtte til tusenårsstadene.
Det var eit vilkår at staden skulle ha noko ved seg som har betydning for heile nasjonen. Slik vil t.d. høvdingsetet Avaldsnes i Rogaland mellom Nordvegen Historiesenter markere Harald Hårfagre si samling av dei mindre høvding- eller kongerika til eit kongedømme. Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter på Eidsvoll i Akershus vil markere den demokratiske styringsforma i landet. Stader som Avaldsnes, Eidsvoll og Petter Dass-museet på Alstahaug er fylkestusenårsstader nettopp fordi dei peikar ut over det lokalsamfunnet og det fylket kor dei er lokaliserte.


Det var to hovudtiltak som staten la vekt på i sin målsetjing med tusenårsstadene:



  • Ta vare på

  • Markere


Ta vare på ved å sette i stand bygningar og kulturlandskap, oppgradering og gjere staden lett tilgjengeleg for publikum.


Tusenårsstadene skulle også markerast med eit fysisk tiltak, som til dømes ei minneplate, ein skulptur eller ein bygning. Andre markeringar kunne vere aktivitetar og arrangement.



Oversikt over fylkestusenårsstadene |



























































































































Fylke Tusenårsstad heimeside Evt. merknader
Akershus Eidsvoll 1814 Rikspolitisk senter Senterets heimeside
Aust-Agder Nes verk Jernverksmuseets heimeside
Buskerud Hringariki Veien Kulturminnepark Infoside på Ringerike Kommunes heimesider
Finnmark
Vardø by

Hedmark
Domkirkeodden Hamar
Hedmarksmuseets heimeside
Hordaland Hardanger Kunst- og kultursenterets heimeside Sjå Kabuso.
Møre og Romsdal Jugendstilsenteret Senterets heimeside
Nord-Trøndelag Norveg senter for kystkultur og kystnæring Senterets heimeside
Nordland
Petter Dass-museet på Alstahaug
Museeets heimeside
Oppland
Hundorp, Dale-Gudbrands gard
heimeside
Oslo
Middelalderbyen Oslo

Rogaland Avaldsnes Informasjonsside på Nordvegen historiesenter
Sogn og Fjordane Tusenårsstaden Gulatinget heimeside
Sør-Trøndelag Sverresborg Trøndelag Folkemuseum Folkemuseets informasjonsside
Telemark Telemarkskanalen Offisiell heimeside
Troms Hålogaland teater Offisiell heimeside
Vest-Agder Lindesnes fyr Offisiell heimeside
Vestfold
Midgard historisk senter og Borreparken
Offisiell heimeside
Østfold Fredriksten festning Tusenårsstadets heimeside


Kommunetusenårsstadene |


Kommunane vart tildelt 119 500 kroner frå arrangørselskapet Tusenårsskiftet-Norge 2000 AS i økonomisk støtte.


Arrangørselskapet var eit heileigd statsaksjeselskap som hadde som oppgåve å førebu og gjennomføre markeringa av nytt tusenår og hundreårsjubiléet for unionsoppløysninga i 1905.



Bakgrunnsstoff |


  • På Bokmålswikipediaen finst ein fin oversikt over kommunetusenårsstadene som stadig blir forbetra.


  • Tusenarssted.no

  • Hundreårsmarkeringa




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...