Økologisk nisje Konkurranse | Navigasjonsmeny«The Ecological Niche: History and Recent Controversies»


Økologi


artøkologienøkosystemainterspesifikk konkurranserøyeaurevatndyreplanktoninsektlarverartsdanning






Temperatur er ein viktig faktor for dei fleste organismar. Dette diagrammet viser korleis aktivitetsnivået til vekselvarme dyr endrar seg.


Den økologiske nisjen til ein art er, i økologien, kva slags levesett og miljøkrav organismane har i høve til andre artar.[1]


Dei ulike dimensjonane i ein nisje står for biotiske og abiotiske variablar; faktorar som varierer med økosystema. Ofte vel ein å berre sjå på eit utval av desse faktorane, sidan dei fleste einskildnisjar er kompliserte og inneheldt mange ulike tilhøve ein må ta omsyn til. Ulike faktorar vert brukt i ulike utrekningar; innanfor eit og same økosystem ser ein helst på biotiske faktorar medan ein gjerne ser på dei abiotiske først når ein samanliknar økosystem.



Konkurranse |


Ein skil gjerne mellom fundamental og realisert nisje. Den fundamentale nisjen til ein art er dei ressursane han er i stand til å utnytta, medan den realiserte er kva han faktisk nyttar seg av i naturen. Når det er mange artar med liknande nisjar til stades i eit økosystem, oppstår det interspesifikk konkurranse, og dei realiserte nisjane forandrar seg. Til dømes lever røye i aurevatn hovudsakleg av dyreplankton, medan næringsvalet i reine røyevatn ofte er dominert av botnlevande insektlarver. Me ser spesialisering; nisjane til ein eller fleire av artane vert smalare på grunnlag av kva for ressursar dei er flinkast til å nytta.



På same måte vert dei realiserte nisjane breiare når ein art finst i store bestandar; det vil då bli ein fordel for einskildindivid å søka litt dårlegare føde enn fleirtalet i større mengder. Med tida kan dette føra til artsdanning, at to delbestandar utviklar så ulike spesialiseringar at dei etter kvart ikkje lenger er i stand til å få avkom saman.




  1. Pocheville, Arnaud (2015). «The Ecological Niche: History and Recent Controversies». I Heams, Thomas; Huneman, Philippe; Lecointre, Guillaume; et al. Handbook of Evolutionary Thinking in the Sciences. Dordrecht: Springer. s. 547–586. ISBN 978-94-017-9014-7. 




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...