Gangaren Gudvangen Variantgruppa | Fotnotar | Navigasjonsmeny


Norske slåttar


vandreslåtthardingfeleområdetgangarPer GudvangenAurlandSognKnut LuråsHardingfeleverket




Gangaren Gudvangen (2/4-takt) er ein vandreslått med ei rekkje variantar over heile hardingfeleområdet. Slåtten er ofte spela som halling, men og som gangar. Slåttenamnet skriv seg frå spelemannen Per Gudvangen som budde i Aurland i Sogn. Han gav namn til mange slåttar, også andre som ikkje er skyldte denne slåttekrinsen. Mykje tyder på at slåtten har opphavet sitt austafjells, og at han er komen til Sogn gjennom Knut Lurås. Slåtten er gamal i Buskerud, der han finst i flest variantar (Hallingdal, Numedal, Sigdal og Krødsherad).



Variantgruppa |


I Hardingfeleverket har slåttekrinsen nr 147/164, og tel ni variantar. Varianten frå Sigdal ikkje teken med her, men han slekter mykje på formene frå Hallingdal og Krødsherad.


  • a: Halling, etter Kristian Øvrevollseie, Hol[1]. Nedskrift Truls Ørpen 1924 (Ø 274). Denne forma er mykje nytta i Hallingdal, og her er slåtten oftast kalla Bråta-Per II. Bråta-Per I er ein variant av Tjønnbergen. Eit tak i denne slåtten minner om gangaren Fossegrimen.

  • b: Halling, etter Johan Kleven, Krødsherad[2]. Nedskrift Truls Ørpen 1912 (Ø 9). Kleven hadde slåtten etter far sin, Gamle-Kleven. ”Det er truleg den eldste forma ein har av denne slåtten”.

  • c: Gudvangen, etter Knut Dale, Tinn[3]. Nedskrift Eivind Groven 1920 etter voksrullopptak gjort av Rikard Berge (G 637). Knut Dale hadde slåtten etter Håvard Gibøen, fortalde Torkjell Haugerud. Gibøen hadde nok slåtten etter Knut Lurås.

  • d: Halling, etter Lars Hovden, Høydalsmo[4]. Nedskrift Truls Ørpen 1925 (Ø 72).

  • e: Gudvangen, etter Torkjell Haugerud[5]. Nedskrift Arne Bjørndal 1950 (B 2441). Haugerud hadde slåtten etter Knut Dale.

  • f: Gudvangen, etter Anders Sagen, Kyrkjebø, Sogn[6]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 543). Sagen fekk slåtten av Rognald Berge i 1840. Berge hadde fått han frå Knut Lurås i 1835. I Sogn er slåtten ofte kalla Luråsen.

Supplementsformer


  • 164a: Den sjuke hallingen, etter Hellik Ranvik, Flesberg[7]. Nedskrift Sven Nyhus 1978.

  • 164b: Halling etter Per Bøe, etter Ola Bøe, Vestre Slidre[8]. Nedskrift Eivind Groven (G 1576). Ola Bøe spela inn slåtten for NRK i 1954.

  • 164c: Jon med Hiten, etter Kristian Øvrevollseie, Hol[9]. Nedskrift Eivind Groven 1968. Eit vek minner om Å so sulla ho mor.


Fotnotar |





  1. [1]


  2. [2]


  3. [3]


  4. [4]


  5. [5]


  6. [6]


  7. [7]


  8. [8]


  9. [9]









Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...