Interjeksjon Døme på interjeksjonar | Sjå og | Kjelder | Navigasjonsmeny«Lånord i norsk...


OrdklassarInterjeksjonar


ordklasseordsyntaksensetningsbygningautropsteiknpunktumkommamerksemdhelsakjenslerbanningonomatopoetikon






Interjeksjonar blir mykje brukt i teikneseriar og vitseteikningar.


Interjeksjon (frå latin inter, 'mellom' og iacere, kasta), utropsord eller ropeord er ei ordklasse som består av ord som står heilt utanfor syntaksen, det vil seie utanfor setningsbygninga. Interjeksjonar blir som regel heller ikkje bøygde. I skrift blir dei gjerne skilde ut med utropsteikn, punktum eller komma. Dei kan innehalda lydsamband som ein ikkje finn elles i språket (t.d. «ptroh!»).


Interjeksjonar kan brukast for å påkalla merksemd, helsa eller uttrykka sterke kjensler, som ved banning.



Døme på interjeksjonar |












Lydhermande ord (onomatopoetikon):



  • Bu!

  • Bæ!

  • Bø!

  • Ding-dang

  • Dunk-dunk

  • Gakk gakk

  • Hi-hi-hi

  • Hiss

  • Hu (huhuhu)

  • Klask!

  • Kling, klingeling

  • Klukk

  • Ko-ko

  • Kra

  • Kvakk

  • Kvirrevitt

  • Kykeliky

  • Pling!

  • Plask!

  • Pang!

  • Mø!

  • Ritsj

  • Voff!




Lokking og hypping



  • Hypp!

  • Fol, fola

  • Giss

  • Kille

  • Kiss-kiss-kiss

  • Ptroh!

  • Tiks

  • Tupp-tupp-tupp




Utrop:



  • Akk!


  • Amen!

  • Au!


  • Bravo!


  • Chapeau!

  • Dikkedikk


  • Faen!

  • Fuck!

  • Fy!

  • God dag, god kveld, god morgon

  • Jøss


  • Halleluja!

  • Hm

  • Huttetu!


  • Hurra!

  • Fysj!

  • Nam

  • Pytt

  • Pst

  • Gudskjelov

  • Prosit

  • «tsk-tsk» (to smattelydar etter kvarandre)

  • Wow!

  • Æsj!

  • Å




Svar og helsingar:



  • Ja, jaha

  • Nei

  • Tja

  • Hei

  • Hallo

  • Hadet, ha det bra

  • Farvel

  • Adjø











Sjå og |



  • Fyllord (pragmatisk partikkel, diskursmarkør, samtalepartikel)


Kjelder |




  • Ann Helen Lea, «Lånord i norsk talespråk», Språknytt 2/2010

  • Engelske importord i norsk


  • «Interjeksjon: grammatikk» (14. februar 2009), Store norske leksikon.

  • Gundersen, Dag. «banning» (14. februar 2009), Store norske leksikon.

  • Søk i Nynorskordboka




  • Delar av denne artikkelen bygger på «Interjeksjon» frå Wikipedia på bokmål, den 10. august 2010.



Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...