Tapio Räisänen Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyResultatoversikt hos FIS


Fødde i 1949Finske skihopparar


finskskihopparTaivalkoskiLahtiLappland30. desember1975Oberstdorfskiflygings-VMVikersundVM 1978Alois LipburgerFalko Weißpflogtysk-austerrikske hoppvekaBischofshofenSapporoJapan






Räisänen i 2010


Tapio Räisänen (fødd 10. mai 1949) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Taivalkoski. Han vart verdsmeister i storbakken i 1978, i Lahti i heimlandet Finland.


Räisänen har dei seinare åra drive eit ferieanlegg i Kuuharju i Lappland.



Aktiv |


Räisänen debuterte internasjonalt 30. desember 1975 i Oberstdorf, utan å utmerke seg. Seinare i OL-sesongen vart han finsk meister i storbakken, og han vart beste finne med ein sjuandeplass i hopprennet i Lahti. I 1977 kom han på sjuandeplass i skiflygings-VM, som det året vart arrangert i Vikersund i Noreg.


Under VM 1978 i Lahti gjekk Räisänen overraskande heilt til topps i det jevne storbakkerennet; 0,3 poeng framom austerrikaren Alois Lipburger og 0,8 poeng føre aust-tyske Falko Weißpflog. Han gjorde eit godt renn også i normalbakken og kom då på sjetteplass.


Räisänens beste plassering i den tysk-austerrikske hoppveka kom i avslutningsrennet i Bischofshofen i 1979, der han vart nummer ni. Same sesongen vann han eit internasjonalt hopprenn i Sapporo i Japan. Han la opp som aktiv skihoppar i 1980.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar


  • Denne artikkelen bygger på «Tapio Räisänen» frå Wikipedia på tysk, den 22. november 2012.



Bakgrunnsstoff |



  • Resultatoversikt hos FIS (engelsk)



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...