Annegret Richter Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1950Olympiske meistrar for Vest-TysklandOlympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-TysklandMedaljevinnarar under sommar-OL 1972Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972Medaljevinnarar under sommar-OL 1976Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1976Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976Folk frå Dortmund


friidrettsutøvarDortmundVest-TysklandIngrid Mickler-BeckerSommar-OL 1972MünchenHeide RosendahlAust-TysklandRenate StecherBärbel EckertSommar-OL 1980Moskva
















Annegret Richter

Annegret Richter 1976 Paraguay stamp.jpg

Fødd
13. oktober 1950
Dortmund
Yrke
friidrettsutøvar, sprinter

Annegret Richter, fødd Irrgang, (fødd 13. oktober 1950) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Dortmund som representerte Vest-Tyskland og vart olympisk meister på 100 meter i 1976 og vann OL-gull i 4 x 100 meter stafett i 1972.


Annegret Irrgang fekk den siste plassen på de vesttyske stafettlaget som sprang inn til gull i 4 x 100 meter stafett i europameisterskapen 1971. Dei andre på laget var Elfgard Schittenhelm, Inge Helten og Ingrid Mickler-Becker. Under Sommar-OL 1972 i München vart ho som Annegret Richter nummer fem og beste vesttyske utøvar på 100-meteren. Avslutningsdagen i leikane sprang som ho i EM året før den tredje etappen for eit vesttysk vinnarlag i stafett. Saman med Christiane Krause, Mickler-Becker og Heide Rosendahl sette ho verdsrekord med tida 42,81 sekundar, 14 hundredels sekund framom dei austtyske kvinnene på sølvplassen. To år seinare var posisjonane omsnudd ved EM i Roma, Aust-Tyskland vann 4 x 100 m stafett framom Richter og Vest-Tyskland.


Under dei olympiske sommarleikane 1976 sette Richter verdsrekord på 100 meter med 11,01 sekundar i semifinalane. I finalen sprang ho i mål til gullmedalje på tida 11,08, og slo dei andre medaljevinnarane, austtyske Renate Stecher og lagkamerat Inge Helten, med høvesvis fem og ni hundredels sekund. Tre dagar seinare var Richter nær ved å vinne dobbelt då ho sette personleg rekord på 22,39 sekundar og tok sølv på 200 meter, slått med fattige to hundredels sekund av austtyske Bärbel Eckert. Som ankerkvinne for Aust-Tyskland lukkast Eckert også i 4 x 100 m stafett å snyte Richter for ein gullmedalje. Etter at Richter hadde gjort unna tredjeetappen sprang Eckert i mål på tida 42,55, medan Richters vesttyske lagkamerat fekk notert 42,59.


Richter var ikkje aktiv i 1978-sesongen, men kom tilbake og tangerte sin eigen personlege rekord på 11,01 i 1979. Vest-Tyskland boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva og Richter la deretter opp.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • EM 1971 i Helsinki: Gull i 4 x 100 m stafett


  • OL 1972 i München: Gull i 4 x 100 m stafett, nr 5 på 100 m -11,38


  • EM 1974 i Roma: Sølv i 4 x 100 m stafett, nr 5 på 100 m -11,36


  • OL 1976 i Montreal: Gull på 100 m – 11,08, sølv på 200 m -22,39, sølv i 4 x 100 m stafett



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Annegret Richter» frå Wikipedia på tysk, den 29. juli 2017.








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...