Isabella av Castilla Innhaldsliste Familie | Skipinga av Spania | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildkvinnerFødde i 1451Døde i 1504Spanske regentarRegjerande dronningar


22. april145126. november1504regjerande dronningSpaniaMadrigalMedina al CampoJohan II av CastillaFerdinand II av Aragonia1469Henrik IV av CastillaCastillaJuana la BeltranejaAragónpersonalunionSpaniaPavenden iberiske halvøyaspanske inkvisisjonenkjetterimuslimskeGranadajødarChristoffer ColumbusIndiaAmerikadet spanske imperiet































































Isabella
IsabellaofCastile03.jpg
Isabella den katolske (la Católica). Måleri tillagt Juan de Flandes.
Regjeringstid 13. desember 1474–
26. november 1504
Spansk namn Isabel I
Gammalspansk Ysabel I
Fødd 22. april 1451
Fødestad Madrigal de las Altas Torres
Død 26. november 1504
Dødsstad Medina al Campo
Gravlagd
Capilla Real de Granada
Føregangar Henrik IV
Etterfølgjar Johanna
Ektefelle Ferdinand V
Kongehus Huset Trastámara
Far Johan II av Castila
Mor Isabella av Portugal

Isabella I (22. april 1451–26. november 1504), kjend som Isabella den katolske, var regjerande dronning av eit sameint Spania frå 1479-1504. Ho var fødd i Madrigal, og døydde i Medina al Campo.




Innhaldsliste






  • 1 Familie


  • 2 Skipinga av Spania


    • 2.1 Barn




  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Familie |


Ho var dotter av Johan II av Castilla (1405-1454) og Isabella av Portugal. Isabella I gifta seg med syskenbarnet Ferdinand II av Aragonia den 19. oktober 1469, noko som la grunnen for ei spansk riksdanning. Ho etterfylgde broren Henrik IV av Castilla på Castilla si trone i 1474 men var tvinga til å forsvara arveretten sin mot brordottera Juana la Beltraneja.




Det katolske kongeparet tilber Madonna og Jesusbarnet. Måleri frå 1490-95 av Fernando Gallego eller ein elev.



Skipinga av Spania |


I 1479 kom Ferdinand på trona i Aragón. Ekteskapet deira skapte ein personalunion mellom dei to rika deira,[1] og same året tok Isabella og Ferdinand tittelen «konge og dronning av Spania». Paven tildelte dei tilnamnet «dei katolske».


Under Isabella og Ferdinand blei den kristne gjenerobringa (Reconquista) av den iberiske halvøya fullført.
Den spanske inkvisisjonen vart etablert i 1478. I sin kamp mot kjetteri erobra dei spanske styrkane i 1492 det siste muslimske fotfestet på den iberiske halvøya, kongeriket Granada. Same året vart alle jødar utvist frå landet, eller tvinga til å konvertera til katolisismen.[1]


Kongeparet er også kjend for å ha gjeve Christoffer Columbus støtte i forsøket hans på å finna ein sjøveg i vest til India. I staden oppdaga han Amerika, noko som danna grunnlag for det spanske imperiet.



Barn |




  • Isabella (1470-1498; gift med 1) arveprins Alfonso av Portugal, 2) Manuel I av Portugal

  • Juan (1478-1498)


  • Johanna den galne (1479-1555)

  • Maria (1482-1517; gift med Manuel I av Portugal


  • Katarina av Aragonia (1485 -1536; gift med 1) Arthur, prins av Wales, 2) broren Henrik VIII av England



Kjelder |





  1. 1,01,1 Imsen, Steinar. «Isabella den katolske» (16. mai 2013). I Store norske leksikon.




Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Isabella av Castilla



  • Isabella I i Catholic Encyclopedia

  • Medieval Sourcebook: Columbus sitt brev til kongen og dronninga av Spania i 1494

  • Musikk ved Isabella sitt hoff


  • University of Hull: slektsinformasjon om Isabella I

    Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Are all UTXOs locked by an address spent in a transaction?UTXO all sent to change address?Signing...