F.R. David Innhaldsliste Karriere | Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


EinskildmennFødde i 1947Franske songararFransk-tunisiararLes Variations-medlemmar


Vokal1. januar1947franskWords (Don't Come Easy)The BeatlesStrawberry Fields ForeverThe Bee GeesSir Geoffrey Saved The WorldVangelisLes VariationsWordsUK Singles Chart












































F. R. David

FRDavid cpr.jpg

Verkeleg namn Elli Robert Fitoussi
Opphav
Frankrike
Fødd
1. januar 1947 (72 år)
Menzel Bourguiba i Tunisia
Instrument

Vokal, bass, gitar, piano, keyboard, trommer


Sjanger
Europop, poprock
Aktive år 1967 til i dag
Yrke
Songar-låtskrivar
Plateselskap
Carrere, CBS
Nettstad
www.frdavid.net

F. R. David (fødd 1. januar 1947 som Elli Robert Fitoussi) er ein tunisiskfødd fransk songar som er mest kjend for hitsingelen «Words (Don't Come Easy)» frå 1982.




Innhaldsliste






  • 1 Karriere


  • 2 Diskografi


    • 2.1 Album


    • 2.2 Singlar


    • 2.3 Samleplater




  • 3 Kjelder


  • 4 Bakgrunnsstoff





Karriere |


F. R. David byrjar karrieren sin som Robert Fitoussi, songar og gitarist i det franske garagebandet Les Trèfles. Etter ein EP vart bandet til Les Boots, men fekk lite kommersiell suksess. Etter at han gav seg scenenamnet sitt, gjekk han solo i 1967 og spelte inn psykedelisk orkesterpop med Michel Colombier, inkludert ein versjon av The Beatles sin «Strawberry Fields Forever» (Il Est Plus Facile). Han fekk ein mindre hitt med Éric Charden sin «Symphonie» og ein versjon av The Bee Gees sin «Sir Geoffrey Saved The World», men suksessen varte ikkje.


Tidleg i 1970-åra danna det progressive rockebandet David Explosion, men det eine albumet deira selde dårleg. Han arbeidde ei stund med Vangelis, og song på somme av dei tidlege albuma hans i 1970-åra. Han vart så med i det franske rockebandet Les Variations, og var med på det siste albumet deira Café De Paris, med ein tidleg rocke-disco-låt, «Superman, Superman». Då bandet vart oppløyst gjekk han solo igjen.


Den største bragden hans var hitten «Words» i 1982, som selde åtte millionar eksemplar verda over, og toppa salslister fleire stader i Europa. Singelen nådde andreplassen på UK Singles Chart i Storbritannia[1] våren 1983. Singelen vart den 22. mest selde i Storbritannia i 1983.


I 1990-åra skreiv han hovudsakleg musikk for andre artistar. F. R. David gav ut albumet Words - '99 Version i 2000 med hovudsakleg coverversjonar. I 2009 gav han ut albumet Numbers, som var eit samarbeid med andre musikarar og med songar som F. R. David sjølv likte.[2]


Mellom 2010 og 2011 spelte han 52 konsertar i Frankrike.[2]



Diskografi |



Album |




  • Tout Va Bien (med Les Boots) (1968)


  • Earth med Vangelis (1973)


  • Café De Paris (med Les Variations) (1975)


  • Close But No Guitar (med Marc Tobaly) (1978)


  • Words (1982)


  • Long Distance Flight (1984)


  • Reflections (1987)


  • Voices Of The Blue Planet (1998)


  • Words – '99 Version (1999)


  • The Wheel (2007)


  • Numbers (2009)


  • Midnight Drive (2013)



Singlar |



  • «Words» (1982)

  • «Pick Up The Phone» (1982)

  • «Music» (1983)

  • «I Need You» (1983)

  • «Gotta Get A Move On» (1983)

  • «Play A Little Game» (1983)

  • «Rock Fame» (1983)

  • «Sand Dunes» (1983)

  • «Dream Away» (1984)

  • «Sahara Night» (1986)

  • «Don't Go» (1987)

  • «Words '91» (1991)

  • «I'll Try To Love Again» (1992)



Samleplater |




  • Greatest Hits (1991)


  • Best Of F. R. David (2000)


  • Songbook (2003)



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «F. R. David» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2014.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. German, Yuri. «Biography: F.R. David». AMG. Henta 4. september 2014. 


  2. 2,02,1 Site officiel. F. R. David. Henta 4. september 2014.







Bakgrunnsstoff |



  • Offisiell nettstad

  • F. R. DAVID's Fanclub In Korea





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...