Vostok-stasjonen Innhaldsliste Skildring | Historie | Klima | Sjå òg | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


Utpostar i AntarktisBusetnader grunnlagde i 19571957 i AntarktisRussland og AntarktisSovjetunionen og Antarktis


russisksovjetiskeforskingsstasjonAntarktiskuldepoleniskjerneborningarmagnetometri«Vostok»Fabian von Bellingshausen«Mirny»Mikhail LazarevMirny-stasjonenden geografiske Sørpolenden austantarktiske innlandsisenAustralsk AntarktisDen sørlege utilgjengelege polenden magnetiske sørpolenmagnetosfærenstrålemålinggeofysikkklimatologiMirny-stasjonenDet internasjonale geofysiske åretDen andre sovjetiske antarktisekspedisjonenMullard Space Science LaboratoryUniversity College LondonERS-1Vostoksjøensubglasiale innsjøenAlmirante BrownCámaraDecepciónMatienzoPetrelPrimaveraSt. Kliment OhridskiCarvajalGonzález VidelaRisopatrónKunlunMendelMaldonado




Koordinatar: 78°27′51.92″S 106°50′14.38″E
























Vostok-stasjonen
stasjon

Wostok-Station core32.jpg

Vostok-stasjonen. Den stripete bygningen til venstre er kraftstasjonen, medan den stripete bygningen til høgre er der forskarane bur. Bygningen i bakgrunnen med ei raud- og kvitstripa kule på toppen, er meteorologibygningen. Det vart grave ut tunnelar i isen for lagring, der temperaturen held seg på -55 ºC året rundt. (foto: Todd Sowers LDEO, Columbia University, Palisades, New York.

Land

Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis

Koordinatar

78°27′51.92″S 106°50′14.38″E


Administrert under

Antarktistraktaten




Samansett satellittbilete av Vostoksjøen (NASA)


Samansett satellittbilete av Vostoksjøen (NASA)



Wikimedia Commons: Vostok Station


Vostok-stasjonen er ein russisk (tidlegare sovjetiske) forskingsstasjon i Antarktis. Stasjonen ligg ved den sørlege kuldepolen og har rekorden for den lågaste målte lufttemperaturen på jorda med −89,2 °C.[1] Forskinga omfattar iskjerneborningar og magnetometri. Vostok, som er russisk for «aust», vart kalla opp etter «Vostok», flaggskipet under den første russisk antarktisekspedisjonen leia av Fabian von Bellingshausen (det andre skipet var «Mirny» ført av Mikhail Lazarev og gav namn til Mirny-stasjonen).




Innhaldsliste






  • 1 Skildring


  • 2 Historie


  • 3 Klima


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Skildring |




Iskjerner vert bora ved Vostok, med ein del av stasjonen bakom.


Vostok-stasjonen ligg kring 1300 km frå den geografiske Sørpolen, midt på den austantarktiske innlandsisen og innanfor Australsk Antarktis.


Vostok ligg nær Den sørlege utilgjengelege polen og den magnetiske sørpolen, og er ein av dei optimale stadane på jorda for å observere endringar i magnetosfæren. Andre studiar omfattar strålemåling, geofysikk, medisin og klimatologi.


Stasjonen ligg 3488 meter over havet og er ein av dei mest isolerte stasjonane på kontinentet..[2] Stasjonen får forsyningar frå Mirny-stasjonen ved kysten av Antarktis.[3] Stasjonen består vanlegvis av 25 forskarar og inteniørar om sommaren, og om vinteren ned mot 13.[4]



Historie |


Vostok-stasjon vart oppretta den 16. desember 1957 (under Det internasjonale geofysiske året) av Den andre sovjetiske antarktisekspedisjonen og vart driven året rundt i meir enn 37 år.[5] Stasjonen vart nedlagt ein periode frå februar til november 1994.[5]


I 1974 gjorde britiske forskarar radarmålingar frå fly i Antarktis og fekk uvanlege signal frå staden.[6] I 1991 nytta Jeff Ridley ved Mullard Space Science Laboratory ved University College London ein europeisk satellitt kalla ERS-1 til å gjere målingar mot midten av den antarktiske innlandsisen. Dette stadfesta funnet frå 1974,[7], men oppdaginga vart først publisert i 1993 i Journal of Glaciology. Den rombaserte radaren avslørte at det var ein flytande ferskvassinnsjø under den tjukke isen. Vostoksjøen er den største subglasiale innsjøen i verda og er ein av kring 140 slike innsjøar i Antarktis. Russiske og britiske forskarar skissert innsjøen i 1996 ved å nytte forskjellige data, mellom anna radar frå lufta og satellittar. Vostoksjøen ligg kring 4 000 meter under overflata av den antarktiske innlandsisen og dekkjer eit areal på 14 000 km².[8]



Klima |


Vostok-stasjonen har eit innlandsisklima med lange, særs kalde vintrar og ein kort, iskald sommar. Klimaet er ekstremt tørt og i snitt kjem det berre 20,8 mm nedbør i året.






















































































































Klimadata for Vostok-stasjonen, 1958 - 2010
Månad

Jan

Feb

Mar

Apr
Mai

Jun

Jul

Aug

Sep

Okt

Nov

Des
År
Varmerekord °C
-12.2
-22.9
-35.6
-33.0
-41.6
-40.1
-34.1
-36.1
-38.3
-24.5
-23.9
-14.1
-12,2
Normal maks. temp. °C
-27.1
-38.6
-52.8
-61.2
-62.0
-60.5
-62.4
-64.0
-61.8
-51.7
-37.3
-27.3
-50,4
Døgnmiddeltemp. °C
-32.1
-44.3
-57.8
-64.8
-65.7
-65.2
-66.7
-68.0
-66.1
-57.2
-42.7
-31.9
-55,2
Normal min. temp. °C
-37.6
-50.0
-61.7
-67.8
-69.1
-68.8
-70.4
-71.6
-70.3
-63.2
-49.9
-38.1
-59,9
Kulderekord °C
-55.1
-64.0
-75.0
-80.4
-80.6
-83.3
-89.2
-85.4
-85.6
-76.1
-62.6
-48.0
-89,2
Nedbør (mm)
0.7
0.6
1.9
2.3
2.9
2.5
2.3
2.2
2.3
1.8
0.8
0.5
20,8

Kjelde: [9][10]


Vostok er den kaldaste staden på jorda. I løpet av den lange vinteren er middeltemperaturen kring -65 ºC, og på den korte sommaren kring -30 ºC.[2]


Den lågaste temperaturen som nokon gong er målt på jorda vart gjort ved Vostok den 21. juli 1983. Det vart då målt -89,2 ºC,[11] og den tidlegare rekorden på stasjonen på -88,3 °C frå 24. august 1960 vart slått.[12]


Det vart rapportert at Vostok målte ein temperatur på -91 grader vinteren 1997, men dette er ikkje stadfesta.[13]


Den høgaste temperaturen som er målt på Vostok er -12,2 ºC, som skjedde 11. januar 2002.[10] Den kaldaste månadsmiddeltemperaturen som er målt var i august 1987 med -75,4 ºC og den høgaste månadsmiddeltemperaturen var i desember 1989 med -28 ºC.[9]


I tillegg til at det er særs kaldt er det andre faktorar som gjer Vostok til ein av dei vanskelegaste plassane på jorda å opphalde seg:



  • Nesten fullstendig mangel på luftfukt.

  • Ein middelvind på 5 m/s (18 km/h), som stundom kan nå 27 m/s (97 km/h)(full storm).

  • Redusert oksygen på grunn av høgda på 3488 meter over havet.

  • Høgare ionisering av lufta.


  • Mørketid som varer kring 130 dagar, frå midten av april til seint i august,[14].


Det tar ei veke til to månader å akklimatisere seg til slike tilhøve, og personane som arbeider her slit i perioden med hovudverk, rykningar i augo, øyreverk, naseblod, kjensle av kvelning, brå aukar i blodtrykk, søvnmangel, redusert appetitt, oppkast, ledd- og muskelsmerter, leddbetennelse og vekttap på 3,5 kg, og stundom opp mot 12 kg.



Sjå òg |



  • Stasjonar i Antarktis

  • Vostoksjøen

  • Den sovjetiske antarktisekspedisjonen



Kjelder |





  1. Global Measured Extremes of Temperature and Precipitation. National Climatic Data Center. Henta 19. mars 2014.


  2. 2,02,1 Winchester, Simon (2003). Extreme Earth. Collins. s. 168–169. ISBN 0-00-716392-4.  |access-date= requires |url= (hjelp)


  3. http://www.aari.nw.ru/projects/Antarktis/stations/mir/mir_en.html


  4. Russia abandons Ice Station Vostok


  5. 5,05,1 Deep drilling at Vostok Station in Antarctica: history and recent events


  6. Oswald, G. K. A.; Robin, G. de Q. (1973). «Lakes beneath the Antarktis Ice Sheet». Nature 245 (5423): 251–254. doi:10.1038/245251a0.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)


  7. «Ice Station Vostok». Wired. Henta 19. mars 2014.  |first1= missing |last1= in Authors list (hjelp)


  8. Dieter Fütterer; Georg Kleinschmidt (2006). Antarctica: contributions to global geoscience : proceedings av IX International Symposium i Antarktis Earth Sciences Potsdam, 2003. Birkhäuser. s. 138. ISBN 978-3-540-30673-3. Henta 30 July 2010. 


  9. 9,09,1 «Monthly values of meteorologisk parameters, Vostok stasjon (89606)». Antarktis Research and Investigation. 


  10. 10,010,1 Weather at Vostok. pogoda.ru.net. Henta 2010-08-08


  11. Budretsky, A.B. (1984). «New absolute minimum of air temperature». Bulletin frå Den sovjetiske antarktisekspedisjonen (på russisk) (Leningrad: Gidrometeoizdat) (105). 


  12. http://wmo.asu.edu/world-lovest-temperature Arizona State University World Meteorological Organization - World: Lowest Temperature


  13. Liang, Yong Li (2000). «Coldest Temperature On Earth». The Physics Factbook. Henta 19. mars 2014. 


  14. http://www.srrb.noaa.gov/highlights/sunrise/sunrise.html




Bakgrunnsstoff |



  • Arktisk og antarktisk forskingsinstitutt

  • AARI om Vostok-stasjonen

  • Temperaturdata frå Vostok

  • Vêret no på Vostok

  • Antarctic Connection om Vostok-stasjonen

  • Radioamatørstasjon på Vostok-stasjonen

  • COMNAP











Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...